Styrkar tilpassa opplæring for framandspråklege

– Vi må ha gode tiltak for framandspråklege elevar, seier Karianne Torvanger, leiar av hovudutval for opplæring og kompetanse. Utvalet har vedteke at arbeidet med slike tiltak skal halde fram.

Elevar rundt bord i klasserom
GODE TILTAK: Fylkeskommunen har sett i gong gode tiltak for betre tilrettelagt undervising. Illustrasjonsfoto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Ein del framandspråklege elevar i den vidaregåande skulen i Vestland har ikkje gode nok norskkunnskapar til å ha godt læringsutbytte av undervisinga. Ekstra tiltak er derfor innført for å betre opplæringstilbodet for elevgruppa.

Betre tilrettelagt undervising

– Vi har store utfordringar med å legge til rette opplæringa for elevar som kan lite norsk og har annan skulebakgrunn. Mange elevar byrjar kvart år i vidaregåande skule utan å kunne tilstrekkeleg norsk. Sjølv etter fleire år i innføringsklasse har vi elevar som kan for lite norsk til å ha tilstrekkeleg utbyte av ordinær undervising. Dette saman med at elevane har eit anna fagleg utgangspunkt, gjer at vi må tilrettelegge undervisinga i auka grad, slik at desse elevane også kan fullføre vidaregåande skule, seier Torvanger.

Vestland fylkeskommune har sett fleire tiltak i gang.

– Vi jobbar med ulike modellar og tilrettelegging. Målet er å fremje norskopplæring og fleirspråkleg tilrettelegging i fag. Vi har ulike modellar i fag og tilpassing av opplæringsløp i prøveprosjekta. Vi jobber med ein rettleiar for lærarar og andre tilsette som skal styrke kompetansen deira, seier Torvanger.

Ulike modellar

Prøveprosjektet med ulike modellar for at framandspråklege elevar skal få betre norskopplæring, skal halde fram komande skuleår. Fem skular er med i prøveprosjektet: Mo og Øyrane vgs, Slåtthaug vgs, Sogndal vgs, Bergen Katedralskole og Fyllingsdalen vgs.

– I prøveprosjekta utforsker skulane korleis ein kan få til undervisning med auka støtte i elevane sine morsmål. Dette er særs viktig for minoritetsspråklege elevar som kan lite norsk når det byrjar i skulane. Etter kvart kan dei følgje vanleg undervisning. Erfaringar så langt viser at undervisning med støtte i morsmålet til elevane bidrar til auka deltaking og betre fagleg progresjon. Det fremjar også norsklæring og vidareutviklar morsmålet til eleven, seier utvalsleiaren.

Gode tilbakemeldingar

Tilbakemeldingar frå lærarar og elevar i prøveprosjektet viser gode resultat.

– Elevane er meir kopla på i timane, dei nyttar språk langt betre og er meir aktive i undervisinga. Dette bidrar til meir læring, betre læringsmiljø og auka mangfald og inkludering, seier Torvanger.

Hovudutvalet har vedteke at ein evalueringsrapport om prøveprosjektet skal bli lagt fram til politisk behandling neste vår.

– Kunnskap, erfaringar og resultat frå prosjekta vil bli eit viktig kunnskapsgrunnlag for kva tiltak og modellar vi skal ha vidare, seier Karianne Torvanger, leiar av hovudutval for opplæring og kompetanse.