Skal vidareføre det gode samarbeidet med Cardiff

– Vi har hatt elevar i Cardiff i snart 30 år og skal vidareføre det gode samarbeidet. Det seier Bjørn Lyngedal, avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse.

To personar som handhelsar.
GODT VENNSKAP OVER NORDSJØEN: Avdelingsdirektør Bjørn Lyngedal og Thomas Husøy-Ciaccia i Cardiff skal vidareføre det gode samarbeidet. Foto. Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Sidan 1996 har elevar frå fylket kunne tatt vg2 i den walisiske hovudstaden, først frå Hordaland fylkeskommune og dei siste åra frå Vestland fylkeskommune.

To personar som sit i sofa.
Avdelingsdirektør Bjørn Lyngedal og rektor Kay Martin ved Cardiff og Vale college har godt samarbeid om elevar frå Vestland fylke. Foto. Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Fornya samarbeid

I fjor var Bjørn Lyngedal i Cardiff og fornya samarbeidet. No har fylkeskommunen hatt besøk frå Cardiff for å diskutere kva som skal skje vidare. Den norske sjømannskyrkja på hamna i Cardiff har vore sentral i samarbeidet. Den er no blitt eit kultursenter. Thomas Husøy-Ciaccia er tilsett som historikar og kulturminnerådgjevar der.

– Det er eit godt forhold mellom Wales og Noreg, og vi skal fremje det gode forholdet. Det er viktig for oss å ha eit godt samarbeid med Vestland. Elevane frå Vestland er ein del av det norske miljøet i Cardiff, seier Husøy-Ciaccia. Han har hatt samtalar med Bjørn Lyngedal og tilsette på avdeling for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune.

Personar ved eit juletre ved utanfor ei kyrkje.
Elevane frå Vestland deltok under den årlege juletretenninga i den norske sjømannskyrkja i Cardiff i 2022. Foto: Bjørn Lyngedal/Vestland fylkeskommune

Årlege arrangement

I fjor haust tok Thomas Husøy-Ciaccia imot dei norske elevane då dei kom til Cardiff, og elevane deltok under den årlege juletretenninga i sjømannskyrkja i desember under arrangementet «festival for lys og vennskap».

Bjørn Lyngedal deltok på arrangementet.

– Minst ein gong i året reiser vi til Cardiff for å møte elevane og vere med på feiringar i sjømannskyrkja. Dette kan anten vere til 17. mai då vi går i tog til sjømannskyrkja eller i desember til juletretenninga. Vi skal halde fram med årlege besøk i Cardiff. Det er også behov for å plante eit nytt juletre utanfor kyrkja som vi skal sponse, seier Lyngedal.

Fire personar som sit rundt eit bord.
Eit godt og fint møte mellom Cardiff og Vestland fylkeskommune: Bjørn Lyngedal (f.v. rundt bordet), Berit Roksvåg, Lene Fjeldsbø og Thomas Husøy-Ciaccia. Foto. Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Nest mest populær

I desse snart 30 åra har fleire hundre elevar frå fylket gått vg2 i Cardiff, men Brexit har ført til utfordringar.

– Vi har hatt rundt 20 elevar kvart år i Cardiff. Det er den nest mest populære utanlandske byen for elevane våre. Berre til USA er det fleire elevar som søker seg. Men på grunn av Brexit har vi berre åtte elevar i Cardiff dette skuleåret. Vi hadde godt samarbeid med fem vidaregåande skular i Cardiff og Wales fram til Brexit, fire offentlege og ein privat skule. Men Brexit har ført til at dei offentlege skulane i England ikkje tek i mot utanlandske elevar lenger. Då har vi berre den private Cardiff and Vale College igjen, seier Lyngedal.

Tre personar som står ved sidan av kvarandre.
Fylkesdirektør Bjørn Lyngedal (t.h.) har godt inntrykk av undervisingsopplegget ved Cardiff and Vale College. Her får han innføring av lærar Peter Parker (t.v.) og Yusuf Ibrahim som er pedagogisk ansvarleg ved skulen. Foto. Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Stor og flott vidaregåande skule

Wales og Cardiff har gode private og offentlege skular.

– Vi ønskjer å sende fleire elevar til Cardiff. Elevane våre trivst svært godt der borte. Vi jobbar for å få til samarbeid med britiske styresmakter, slik at vi kan halde fram med å sende elevar til dei offentlege skulane også. Dette håpar vi kjem til å ordne seg med styresmaktene. Men inntil vidare har vi samarbeid med den private skulen. Det er ein stor og flott vidaregåande skule med rundt 20 000 elevar. Det er like mange som vi har i heile Vestland fylke, seier avdelingsdirektør Bjørn Lyngedal.

Elevar som er interessert i å ta vg2 i Cardiff, kan søke på vigo.no innan 1. mars. Tilbodet blir administrert av Knarvik vidaregåande skule.

Atrium i ein stor skule.
I hjartet av Cardiff and Vale college er det eit stort atrium der elevane har sosial sone. Foto. Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune