Signerte brukontrakt i Solund – den største samferdslekontrakten i fylket
Vestland fylkeskommune signerte i dag kontrakt med Skanska AS om bygginga av Ytre Steinsund bru i Solund.

Brua skal krysse sundet mellom Hesteneset i nord og Guridneset i sør, og blir om lag 811 meter lang. Brua avløyser ferjesambandet Haldorsneset–Daløy, og sikrar innbyggjarane på Ytre Sula ferjefri tilkomst til resten av øykommunen og kommunesenteret Hardbakke.

Blir bygd i lavkarbonbetong
Brua skal byggast som fritt-frambygg-bru, i spennarmert lavkarbonbetong. Brua har to senkekassar, som er undersjøiske fundament, og ho går over fire spenn, der det største spennet blir 260 meter.
– Landskapet her ytst i Sognefjorden er heilt fantastisk, og sjølve byggeprosessen blir veldig spennande. Brua blir eit flott byggverk, som vil lette kvardagen for innbyggjarane på Ytre Sula, seier Helge Jostein Follevåg, prosjektleiar i Vestland fylkeskommune.

Prosjektet er finansiert gjennom statlege ferjeavløysingsmidlar og fylkeskommunale midlar. Kontrakten har ein verdi på i underkant av 800 millionar kroner. Det er den største samferdslekontrakten som er signert sidan Vestland fylkeskommune vart oppretta i 2020.
– Blir ei spektakulær bru
Utlysingsprosessen vart gjennomført som konkurranse med forhandlingar, og etter ei prekvalifisering var det tre entreprenørfirma som vart inviterte til å gje tilbod. To entreprenørar vart med til siste runde, og Skanska fekk oppdraget.
– Vi har ein ambisjon om å ha ein betydeleg posisjon innan brubygging i Noreg, og dette prosjektet passar veldig godt til vår kompetanse og gjennomføringskapasitet. Det blir ei spektakulær bru i vakker natur, og vi gler oss til å vere med å realisere dette viktige prosjektet for lokalsamfunnet ute på Ytre Sula, seier Gregor Gucwa, som er prosjektsjef med ansvar for bruer i Skanska Norge.

Godt i gang med vegbygging
I samband med brubygginga er det også behov for nye tilkomstvegar både på Daløy og Ytre Sula. Vegdelen av prosjektet vart lyst ut i ein eigen entreprise, som starta opp i september 2022. Dei nye vegane er i ferd med å ta form, og arbeidet vert utført av Lesja Bulldozerlag på oppdrag for Vestland fylkeskommune.
