Prioriterer verdsarvsenter, Griegkvartalet og Gulatinget dei neste tre åra
Fylkestinget har no vedteke eit konkret handlingsprogram for 2023–2026 for regional plan for kultur.
Der finn du 204 tiltak for korleis Vestland fylkeskommune skal arbeide for å styrke det breie kulturfeltet i fylket dei neste åra. Programmet er laga i samarbeid med kommunane og kulturlivet i fylket, og det er eit felles ansvar å realisere tiltaka.
– Vi vedtok ein offensiv plan i mars, og no følgjer vi opp med eit offensivt handlingsprogram. Her er det arbeid med alt frå store og nasjonale satsingar til mindre, og gjerne like viktige tiltak, som til dømes det å opne idrettsanlegg for eigenorganisert aktivitet og leggje til rette for gratis bruk for barn og unge, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Peiker på staten
To av dei nasjonale satsingane er arbeidet med å realisere Griegkvartalet i Bergen og etablering av verdsarvsenter knytt til Urnes, Bryggen og Vestnorsk fjordlandskap – Nærøyfjorden.
– Det er viktig for fylkeskommunen å jobbe for dette og å vere ein pådrivar. Men det er like viktig at vi her får staten med på laget. Når det gjeld Griegkvartalet må staten ta hovuddelen av kostnaden, og vi føreset også statleg medfinansiering for verdsarvsentera, seier Askeland.
Fylkestinget har også vedteke at fylkeskommunen dei neste tre åra skal arbeide for å realisere Gulatinget nasjonale kultursenter.
Fire hovudmål i planen
Regional kulturplan og handlingsprogrammet har fire tematiske satsingsområde, med fire tilhøyrande hovudmål:
- Vestland skal vere eit leiande kulturfylke
- Eit inkluderande kulturliv skal vere ein ressurs for å utvikle eit mangfaldig samfunn
- Kulturen skal vere grunnlag for sosial, miljømessig og økonomisk verdiskaping
- Kunnskap skal vere grunnlaget for ei systematisk og planmessig kulturutvikling
Under hovudmåla er det sett opp fleire delmål, strategiar for korleis nå desse og ikkje minst konkrete tiltak og handlingar. Alle regionale planar skal ha eit handlingsprogram som syner korleis planane kan gjennomførast.
Vidt spenn av tiltak
Den regionale kulturplanen dekkjer heile det breie kulturfeltet og nyttar eit utvida kulturomgrep. Det speglar også tiltak i handlingsprogrammet, som har stor variasjon og eit vidt spenn.
Her følgjer nokre av tiltaka i handlingsprogrammet:
Vestland fylkeskommune skal
- utvikle Vestland som kulturregion og Bergen som kulturby. Satsinga skal ha basis i kulturinstitusjonar med nasjonal relevans, det frie feltet og utdanningsinstitusjonane
- støtte initiativ og fagmiljø som er sentrale i utviklinga av nynorsk som kvardagsspråk, kunstspråk og kulturberar
- halde oppe og utvikle lokale møteplassar som kulturhus, ungdomshus, livssynopne arenaer og idretts-/fleirbrukshallar
- legge til rette for at kulturarenaene er frie ytringsrom
- vurdere å innføre Fritidserklæring
- opprette råd for kulturfrivilligheita/amatørkulturen i Vestland
- stimulere inkludering ved å redusere funksjonsbarrierar, transportutfordringar og anna for deltaking i kulturlivet
- gjere biblioteka meir tilgjengelege for alle gjennom oppsøkjande tenester og meiropne bibliotek
- vidareutvikle arbeidet med tradisjonelle handverk og anna immateriell kulturarv
- gjennomføre/revidere kartlegging og verdsetting av friluftsområde i alle kommunar i Vestland
- vidareutvikle arbeidet med nyskapande anlegg for fysisk aktivitet og ev. arbeide for justering av spelemiddelordninga
- vidareutvikle musea og biblioteka si aktive rolle som arena og møteplass for samfunnsdebatt
- utvikle Vestland som lokasjon for filminnspeling
Handlingsprogrammet slik det vart lagt fram før behandlinga i fylkestinget ligg som vedlegg til den politiske saka i saklista til fylkestinget (sak 53/2023). Endringane fylkestinget vedtok vil bli innarbeidde i handlingsprogrammet før det blir publisert på sida for regional kulturplan.
Fylkestinget vedtok regional plan for kultur 2023–2035 i mars i år.