Opna etterlengta gang- og sykkelveg

Endeleg fekk innbyggarane i Herøysund ein heil ny gang- og sykkelveg gjennom bygda.

Barn og voksen står saman. Voksen har saks og klipp snora. Barn står rundt.
Hilde Enstad ordførar i Kvinnherad kommune klipte snora saman med engasjerte skuleelevar. (Foto: Cathrine Spook)

– Denne dagen har vi venta på, og mange har jobba for dette, seier Hilde Enstad ordførar i Kvinnherad kommune.

Eit skritt i riktig retning

Ho fortel at det er fem år sidan planen blei vedteke.

– Som ein trafikksikkerheitskommune så er dette eit skritt i riktig retning. No har skuleelvane i bygda fått den flottaste gang- og sykkelvegen som dei kan bruke. I tillegg knytt den bygda saman. Dette er ein fantastisk dag!, seier ho.

Viktig med trygg skuleveg


Avdelingsdirektør Dina Lefdal seier at det er kjekt at dette etterlengta tilbodet for gåande og syklande langs fylkesvegen er på plass.

Dette har blitt mogleg gjennom Kvinnheradpakken, som også vil gje fleire tiltak i kommunen. Det å legge til rette for at fleire kan gå og sykle trygt, og særleg på skuleveg, er viktig for oss i fylkeskommunen. Difor er det kjekt å sjå at det er så mange barn og unge her! seier ho.

Flaumsikring og universell utforming 

Vegen gjennom Herøysund har ikkje vore tilrettelagt for mjuke trafikantar. Arbeidet med den nye gang- og sykkelvegen starta i 2022. No er vel 1,2 kilometer med ny gang- og sykkelveg på plass med tilrettelagte stader for å krysse vegen. I tillegg er det bygd nytt fortau, tre haldeplassar med nye leskur og universell utforming, og strekninga har fått nye lys.  

– Prosjektet har gjennom anleggsperioden fått kjenne på naturnaturkreftene med økte auka mengder av vatn og flom. Det er bygd bruer over dei tre bekkane som skal stå godt rusta mot vannmassane. Vi er veldig nøgde for at det er nytta lokal stein til natursteinsmurer langs vegen, seier Lefdal. Ho takkar Dimmelsvik Entreprenør AS for godt samarbeid og vel utført arbeid.

– No vil eg gratulere alle med ny flott og sikker gang og sykkelveg. Bruk han godt, seier Lefdal.

Barn som står oppstilt på en plass
SONG FRÅ ELEVAR: Elevane frå Bringedalbygda skule sang "inst i ditt hjarte er du alltid vestlending". (Foto: Cathrine Spook)
Bilde av en person som holder en mikrofon.
Avdelingsdirektør Dina Lefdal sa at det er kjekt at dette etterlengta tilbodet for gåande og syklande langs fylkesvegen er på plass. (Foto: Cathrine Spook)