Nye, flotte skulebygg i Kvam og på Langhaugen i Bergen

– Gratulerer Kvam og Langhaugen! De får flotte, nye skulebygg, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkestinget i dag har godkjent bygging av den nye vidaregåande skulen i Kvam og modernisering og nybygg ved Langhaugen vgs. i Bergen.

Stor bygning med plass foran.
Slik skal den nye vidaregåande skulen i Kvam sjå ut. (Illustrasjon: Vestland fylkeskommune)

Den nye skulen i Kvam skal plasserast i Norheimsund for 310 elevar og 60 tilsette til ein kostnad på 471 millionar kroner. Den utvida og moderniserte Langhaugen vgs. aukar elevtalet frå 630 til 720. Kostnad er 410 millionar kroner.

Praktskular

– Dette blir to praktskular som vil styrke nærmiljøet. Den nye skulen i Kvam blir plassert i indrefileten av Norheimsund der Kvam herad skal ha bibliotek, kulturskule, kino og vaksenopplæring. Dette samarbeidet mellom heradet og fylkeskommunen gjer området attraktivt og fører til bruk ut over vanleg skuletid. Vi får sosiale møteplassar, trygge læringsareal og eit utvida tilbod for lokalsamfunnet, seier Askeland.

Stor bygning med plass foran.
Slik skal nye Langhaugen videregående skole sjå ut. Illustrasjon: Vestland fylkeskommune

Lange og stolte tradisjonar

Også ved Langhaugen er det kommunalt samarbeid.

– Langhaugen er ein flott skule med lange og stolte tradisjonar. Dette er flaggskipet vårt innan musikk og dans. Prosjektet blir i hovudsak løyst som eit tilbygg, og eksisterande areal ved skulen blir i mindre grad endra. I dag har vi langt fleire søkjarar enn vi kan gi plass til, men med utbygginga får vi auka elevtalet, og fleire får sjansen til å ta slik utdanning, seier Askeland.

Den gamle gymnastikksalen ved skulen skal rivast for å gi plass til ein ny, stor idrettshall.

– Bergen kommune har ønske om å auke storleiken på den planlagde idrettshallen for å gje rom for både idretten i området og behovet Fridalen skule har for idrettshall. Dette er inkludert i planane, og vi skal samarbeide med Bergen kommune om ein større idrettshall, som er open for bruk på ettermiddag og kveldstid, seier fylkesordføraren. 

Skulen i Kvam er komen lengst i planlegginga, og byggearbeidet skal starte til hausten. I oktober 2024 skal første byggesteg stå ferdig. Resterande areal skal opne i oktober 2025. Det samla arealet blir på 5900 kvadratmeter. I tillegg skal skulen leige 1200 kvadratmeter idrettshall av heradet.

Ekstra klasse i musikk

Nye Langhaugen videregående skole skal få seks store salar til musikk og dans, i tillegg til ein konsertsal på 250 kvadratmeter. Dette gjev rom for ein ekstra klasse i musikk, slik at skulen vil få to parallellklassar. I tillegg har skulen ein klasse på dans på kvart trinn, som òg vil få stor glede av den nye konsertsalen. Ein del av dei eksisterande klasseromma på skulen skal også rehabiliterast.

Ved Langhaugen er byggestart avhengig av ein godkjend reguleringsplan frå Bergen kommune.

– Vi håpar å kome i gang med bygginga i første halvår neste år, slik at den nye skulen kan stå ferdig til skulestart hausten 2026, opplyser fylkesordførar Jon Askeland.