Noregs råaste sykkeltunnel er opna
– Ja, dette er Noregs råaste fylkesvegtunnel. Det finst ikkje makan, og den finst berre i Bergen. Hellane kor gøy! sa fylkesordførar Jon Askeland då han opna den nye gang-, løpe- og sykkeltunnelen mellom Fyllingsdalen og Mindemyren.
Fyllingsdalstunnelen er tre kilometer lang, og den lengste i sitt slag i verda. Den er også ein del av den åtte kilometer nye gang- og sykkelvegen mellom Fyllingsdalen og Bergen sentrum. Den følgjer Bybanetraseen og går også gjennom den gamle 475 meter lange togtunnelen på Kronstad, som for 100 år sidan var ein del av Bergensbanen. Mange hadde møtt fram til opningane, både i Fyllingsdalen og på Kronstad.
Superhelg i Bergen
– Dette er fantastisk gøy. Superhelga i Bergen startar i Fyllingsdalen, og heile byen boblar, sa fylkesordføraren som reiste vidare til Bryggen og folkehavet som tok imot Statsraad Lehmkuhl etter fullført One Ocean-ferd rundt jordkloden.
Men før han kom så langt, fekk han æra av å vere den første som fekk løpe i Fyllingsdalstunnelen.
– Bergen får som fortent, og Bergen får noko som ingen andre har. Vi skal no løpe i gang den lengste sykkel-, løpe- og gåtunnelen i verda. Og tunnelen er viden kjend ute i verda. Den har nådd 12 millionar lesarar og lyttarar gjennom media, aviser, radio, fjernsyn og sosiale medium. Dette er litt av ei verdsbegivenhet.
Nummer tre
Men det var ingen bunad og mørke sko fylkesordføraren stilte opp i.
– Her er det treningsklede, joggesko og startnummer tre på brystet. Talet tre er ikkje tilfeldig. Det er symbolsk. Vi er tre partar som er saman om prosjektet, staten, fylkeskommunen og kommunen. Det er tre kilometer banetunnel og tre kilometer gang- og sykkeltunnel og snart eit tre kilometer langt løp som markerer opninga av tunnelen.
Kjempeløft
Gang og sykkeltunnelen er også rømmingstunnel for Bybanen.
– Dette er unikt. Vi gjer eit kjempeløft for sykkel, gange og løping i Bergen og får meir for pengane av infrastruktur vi likevel måtte ha. Med tunnelen blir det ein heilt ny kvardag. Dette er ein veldig viktig start på sykkelsatsinga i Bergen. Med Fyllingsdalstunnelen, Kronstadtunnelen og resten av vegnettet mellom, lager vi nye snarvegar for gange og sykkel frå Fyllingsdalen til Mindemyren, frå Kronstad til Fløen og heile vegen mellom Fyllingsdalen og Bryggen. Dette er godt tenkt og godt utført. No skal vi gå, sykle og løpe meir. Dette er godt for byen, for folket og miljøet, og det er enno ein god grunn til å bu i Bergen, sa fylkesordførar Jon Askeland.
Mange løp tunnelen
Etter at fylkesordføraren hadde løpt tre kilometer i tunnelen, stilte rundt 1000 andre løparar opp for løpe ein tre eller fem kilometer løype i tunnelen.
Fylkespolitikar Marthe Hammer frå hovudutval for samferdsel og mobilitet deltok i trøndelagsbunad.
– Dette er eit heilt fantastisk anlegg. Det er så godt at det er den raskaste vegen når vi skal transportere oss. Vi har ambisjon om å å få mange fleire til å sykle. Denne sykkelvegen er skjerma og trygg. Vi kan sykle utan å bli svett og blaut, og den er flat og utan hindringar, sa Marthe Hammer.
Flott snarveg til byen
Vegdirektør Ingrid Dahl Hovland er stolt over satsinga på gang og sykkel i Bergen.
– Dette blir ein flott snarveg inn til byen og eit stort høve til å auke gang og sykkel i området. Den samla kostnaden er 1,4 milliardar kroner. Dette er viktige investeringar for å tilrettelegge meir for gang og sykkel. Vi skal prioritere dei mjuke trafikantane. Det er bra for folkehelsa, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.
Attraksjon
Byråd Ingrid Nergaard Fjeldstad var glad ho fekk vere med på å opne anlegget.
– Dette skal bli ein attraksjon i Bergen. Nokre drar til Fløyen, andre til sykkeltunnelen. Dette er ein stor augneblink for meg. Som syklist slepp eg å reise over Melkeplassen eller Bønes. No får vi ein snarveg. Fyllingsdalen og Bergen sentrum blir knytt saman på ein heilt ny måte. Fyllingsdalen blir meir attraktiv, seier byråd Ingrid Nergaard Fjeldstad.
I tillegg til løp gjennom Fyllingsdalstunnelen, blir det andre aktivitetar som sykkelløp for barn, med eigen klasse for trehjulsykkel. Det er og høve for å ta gåtur med heile familien og oppdage tunnelen i roleg tempo.
Sjå bilete frå Fyllingsdalstunnelen på nettsidene til Bybanen utbygging