Ni unge idrettsutøvarar fekk utviklingsstipend frå Vestland fylkeskommune

Dei unge talenta får 40 000 kr kvar. Også VM-medaljørar blei heidra.

ti personar står på rekke
UNGE TALENT: Seks av stipendvinnarane var tilstades og kunne motta utmerkinga, og tok i mot stipendet frå fylkesordførar Jon Askeland (til høgre). Til venstre fylkesvaraordførar Stian Davies og Jacob Nødseth,som er utvalsleiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Foto: Jennifer Fossnes, Vestland fylkeskommune.

– Det er fjerde gang Vestland fylkeskommune tildeler utviklingsstipend til unge idrettsutøvarar frå klubbar i Vestland. Før det har vi delt ut tilsvarande i Hordaland sidan 1996. Det er stort mangfald i både geografi og idrettsgreiner, så det er kjekt å sjå at det veks så godt rundt om i klubbar og idrettslag i fylket! Dette er fruktene av langsiktig og godt arbeid frå både frivillige, trenarar og støtteapparat, seier fylkesordførar Jon Askeland, då han delte ut idrettsstipenda på ei tilstelling i Vestlandshuset i Bergen 20. desember. 

Utviklingsstipenda går til utøvarar som markerer seg med gode nasjonale og internasjonale prestasjonar innan idretten sin. Målet er å gje utøvarane høve til å vidareutvikle seg innan idretten og stimulere til vidare satsing. 

– Stipendet gjer at eg har moglegheit til å reise til World Cup, slik at eg kan prøve å kvalifisere meg til OL, seier ein av vinnarane, turnaren Harald Wibye. 

Desse får stipend 

Desse unge idrettsutøvarane får utviklingsstipend frå Vestland fylkeskommune i 2023: 

  • Helene Mariel Ramslien, friidrett – kast, FIL AKS-77 
  • Kitty Augusta Friele Faye, friidrett – stavhopp, Fana IL 
  • Ingrid Skodvin Mjaatvedt, karate, Bjørgvin karateklubb 
  • Hans Grahl-Madsen, alpint, Fana IL
  • Trym Dalset Lødøen, randonee, Haugen IL 
  • Marte Solheim Gundersen, volleyball, Førde volleyballklubb
  • Sondre Buer Åsebø, skøyter, Fana IL 
  • Ole Martin Halvorsen, skyting, Øygarden sportsskytterlag 
  • Harald Wibye, apparatturn, Laksevåg Turn og Idrettslag 

Heider til VM-medaljørar

foto av mange folk på rad, dei held eit maleri kvar i handa. på skjerm bak dem er to personar.
VM-MEDALJØRAR: Skyttaren Ole Martin Halvorsen (nr. tre frå høgre) var den einaste av VM-medaljørane som hadde høve til å møte personleg i Vestlandssalen. Han er den første om får utviklingsstipend same år som han og har teke medalje i VM! Her samla med representanatar frå alle vinnarane - og brørne Bø på videohelsing frå skjermen. Foto: Jennifer Fossnes, Vestland fylkeskommune.

Også idrettsutøvarar frå Vestland som har fått medaljar i VM i året som har gått, fekk heider på møtet. Dei får òg kvart sitt kunstverk frå Vestland fylkeskommune. Dette er utøvarane:

  • Sverre Lunde Pedersen, skøyter, Fana IL 
  • Håvard Holmefjord Lorentzen, skøyter, Fana IL 
  • Stian Angermund, terrengløp, Varegg Fleridrett 
  • Salum Ageze Kashafali, friidrett - 100m, IL Norna-Salhus
  • Sjur Røthe, langrenn, Voss IL 
  • Ole Martin Halvorsen, skyting, Øygarden sportsskytterlag
  • Tarjei Bø, skiskyting, Markane IL
  • Johannes Thingnes Bø, skiskyting, Markane IL