Lyser ut nye 800 000 kroner til å rydde plast
Vestland fylkeskommune følgjer opp plaststrategien og inviterer ikkje-kommersielle, frivillige organisasjonar og stiftingar til å søkje tilskot til plastrydding i 2023.
I år som i fjor lyser fylkeskommunen ut 800 000 kr til plastrydding og førebygging av unødig bruk og spreiing av plast. Men der det i fjor var ei open utlysing, der nær sagt alle kunne søkje, går fylkeskommunen i år for meir målretta bruk av pengane.
Vil engasjere flest mogleg
– Det er viktig for oss at pengane går til både fysisk rydding og til haldningsarbeid slik at det blir mindre å rydde i framtida. Vi ønskjer oss tiltak som engasjerer flest mogleg og som hjelper oss å nå målet i plaststrategien, som er ein plastfri natur og eit plastfritt hav i Vestland, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Med ei slik utlysing er det friluftsråda og andre større natur- og miljøorganisasjonar i fylket som kan søkje om midlar. Friluftsråda vil igjen kunne hjelpe mindre aksjonar og tiltak i sine område.
200 000 kr til eigne satsingar
Det er sett av til saman ein million kroner til oppfølging av plaststrategien i budsjettet for 2023. 150 000 kr går til deltaking i tiltaket Plastutfordringa for dei vidaregåande skulane, og 50 000 kr til å følgje opp prosjektet Grøne idrettsarrangement.
Fylkesutvalet vedtok fordeling av plastmillionen i møtet 8. mars. Kriterium for utlysing av dei 800 000 kr og lenke til søknadsskjema blir lagt ut på nettsida til fylkeskommunen i løpet av våren.
22 søknadar i fjor
I fjorårets opne utlysing kom det inn til saman 22 søknadar om støtte til plastrydding. 16 av desse fekk støtte. Pengane gjekk til større og mindre ryddeaksjonar, og det varierte kor stor del av aktiviteten som var fullfinansiert av Vestland fylkeskommune.
Samarbeid var eit viktig stikkord for bruk av midlane i 2022. Blant anna samarbeidde Norges Miljøvernforbund med Bergen og Omland Friluftsråd og Naturvernforbundet Hordaland og rydda over to tonn i ryddeaksjonen til Rein Hardangerfjord. Naturvernforbundet Sogn og Fjordane har samarbeidd med Fjordane Friluftsråd om plastjakt i prosjektet «Skuleturné for havet».