Lyser ut anbod på nullutsleppshurtigbåtar med ny frist

Fylkestinget har vedteke å halde på kravet om nullutsleppsteknologi for båtrutene mellom Bergen og Sogn og Bergen og Nordfjord frå 2026. Ny frist blir 15. juni 2024.

Hurtigbåt til kai i Sogndal.
HURTIGBÅT: Fylkestinget lyser ut anbodet om hurtigbåtruter på nytt, framleis med krav om nullutsleppsteknologi. Anbodet gjeld båtruter mellom Bergen og Nordfjord og Bergen og Sogn. (Illustrasjonsfoto av hurtigbåt til kai i Sogndal: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Reint teknisk blir det opphavlege anbodet med frist 4. januar 2024 avlyst, men nytt anbod blir så lyst ut omgåande med den nye fristen. Grunnen til at fylkestinget utset fristen er at det per no ikkje er avklart kva statleg kompensasjon fylkeskommunen kan vente å få.  

Avgjerande for å nå klimamål 

– Fylkeskommunen kan ikkje bere meirkostnadar knytt til det grøne skiftet aleine. Samstundes er nullutsleppskontraktar for hurtigbåtar heilt avgjerande for at vi skal nå dei ambisiøse klimamåla våre. Vi har kome langt når det gjeld ferjene, men det er ingen laurbær å kvile på i den grøne omstillinga. Vi må halde fram arbeidet, og saman jobbe for å få dette til, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Det er estimert at ein anbod med nullutsleppsteknologi vil gje fylkeskommunen ein årleg meirkostnad på mellom 51 og 100 millionar kroner. I tillegg kjem kostnadar til energiinfrastruktur, som er berekna til mellom 171 og 193 millionar.  

Treng statleg støtte

Den nye fristen, 15. juni, er sett med tanke på at det truleg innan denne datoen vil bli vedteke ei ny forskrift knytt til nullutslepp for nye ferje- og hurtigbåtkontraktar og det statlege bidraget til finansiering av meirkostnaden.

– Vi vil no bruke tida framover for å jobbe knallhardt med å setje press på statlege styresmakter for å få avklart spørsmålet om statleg finansiering. Fylkeskommunen kan ikkje ta den økonomiske risikoen det er å inngå kontrakt når signala vi får frå regjeringa er såpass utydelege, slår Askeland fast. 

Dersom det innan 15. juni ikkje er avklart om fylkeskommunen får statleg kompensasjon eller ikkje, skal saka leggjast fram til ny politisk behandling. 

Vedtok investeringssum i økonomiplanen 

I økonomiplanen som fylkestinget vedtok 13. desember, vart investeringssummen på 200 millionar kroner lagt inn frå 2025. Meirkostnaden for nullutsleppsdrift på 84 millionar kroner er rekna inn med verknad frå 2026.

Vedtak

  1. Vestland fylkeskommune har ein klar intensjon om å gå fremst i det grøne skiftet og å syte for at båtrutene mellom Bergen, Nordfjord og Sogn/Flåm vert drifta med nullutsleppsteknologi. 
  2. Miljøkrava som er stilt i anbodet vil påføre Vestland fylkeskommune vesentlege meirkostnader og fylkeskommunen sin økonomiske situasjon medfører at det ikkje vil vere mogleg å forplikte seg utan tilstrekkeleg medfinansiering. Det er på denne bakgrunn ein føresetnad for inngåing av kontraktar med nullutsleppsteknologi på desse båtrutene at det ligg føre tilstrekkeleg statleg finansiering av meirkostnadene. 
  3. Med bakgrunn i forholda som nemnt i vedtakspunkt nr. 2 ber fylkestinget fylkesdirektøren om å avlyse den pågåande konkurransen. 
  4. Fylkestinget føreset at konkurransen vert kunngjort på nytt med ny tilbodsfrist 15.06.24.