Vestland søkjer gode, klimavenlege leverandørar
Kva er det leverandørane innan bygg, veganlegg, drift og vedlikehald kan levere, men som vi ikkje spør etter?
Det er eit av spørsmåla Vestland fylkeskommune ønskjer svar på når leverandørkonferansen blir arrangert 21. februar i Bergen.
Vestland skal bidra til å nå klima- og miljømåla gjennom offentlege innkjøp. Eit av måla med konferansen er tettare samarbeid for å auke tempo i omstillinga til grøn teknologi.
Her kan du melde deg på leverandørkonferansen og sjå programmet
– Store og grøne ambisjonar
Som storinnkjøper av tenester og oppdrag ynskjer Vestland fylkeskommune å kome i dialog med leverandørane om kva dei kan bidra med. Vestland fylkeskommune er ein stor byggherre, med milliardbudsjett. Bygningsmasse skal byggjast og fornyast, veger skal driftast og vedlikehaldast.
– Mange nye vegar, tunnelar og bruer skal byggjast. Fylket har ambisjonar, både store og grøne – og no ynskjer vi å høyre om bransjen er klare til å spela på lag, seier Jannicke Clarke, hovudutvalsleiar for samferdsel og mobilitet.
Hald av tida til leverandørkonferanse for anleggsnæringa i Vestland for dialog, diskusjon, samhandling og informasjonsutveksling mellom fylkeskommunen og bransjen.
Følgjer opp den nye klimaplanen
Det er del av oppfølginga av målsettinga om eit innovativ og grønt næringsliv i den regionale næringsplanen, Berekraftig verdiskaping og den regionale klimaplanen, som fylkestinget vedtok i desember. Vi skal styrke samarbeid og kunnskapsdeling mellom fylkeskommunen som byggherre og entreprenørar og andre interessentar i anleggsnæringa. På transportsida skal vi blant anna redusere klimagassutsleppa frå planlegging, bygging, drift og vedlikehald av infrastruktur. Og som offentleg aktør skal vi gå føre og både etterspørje og bruke energieffektive løysingar i drift og stille krav til energieffektivitet i nye innkjøps- og anbodsprosessar