Kva med ei reise i kraft, spenning og straum?

Prosjektet Kraftturisme tilbyr opplevingar i det vestnorske kraftlandskapet.

To personar som er på veg oppover dei gamle trappene over Høyanger, som vart til i samband med kraftutbygginga.
LUFTIG: Høyanger er ein stad med rik krafthistorie, blant anna med trappene ved den gamle røyrbana, som tek deg høgt og luftig opp over fjorden og tettstaden. (Foto: Vegard Aasen/VERI Media.)

Vasskraftindustrien har sett tydelege og viktige spor i både Vestland fylke og heile vestlandsregionen. Men opplevingsverdiane knytt til dette har stort sett ikkje vore utnytta i reiselivssamanheng – før no.

– Spora etter kraftutbygginga og industrilandskap kan fungere både som sjølvstendige kulturbaserte reiselivsprodukt og som opplevingsforsterkarar til fjordturismen. Kva med å kombinere eit besøk på Kraftmuseet i Tyssedal med ein tur til Vøringsfossen eller ein Via Ferrata-tur. Eller litt lenger nord i fylket, kva med å gå dei karakteristiske trappene i Høyanger, for så å ta ei byvandring i eit klassisk kraftsamfunn, seier Per Morten Ekerhovd, avdelingsdirektør for kultur og folkehelse i Vestland fylkeskommune.

To ungar avbilda med ryggen til på kraftmuseet i Tyssedal.
Kraftmuseet i Tyssedal ligg i den freda kraftstasjonen. Eit besøk gjev innblikk i kva som hende då Noreg gjekk frå bondesamfunn til industrisamfunn. Det fortel levande om rallarliv og ingeniørkunst, arkitektur og korleis det vaks fram moderne byar. (Foto: Anne Gravdal)

Fire rundreiser i kraftlandskap

Prosjektet Kraftturisme er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune og Riksantikvaren. Det skal gå fram til 2025 og går ut på å mobilisere lokale aktørar og institusjonar. Reisemåla skal utviklast basert på kulturen, naturen og innbyggjarane i lokalsamfunna. Det skal vere på premissa til dei enkelte stadane, og det skal vere enkelt for alle å delta og medverke til reisemålsutviklinga.

I sommar lanserer prosjektet fire rundreiser, to i Vestland og to i Rogaland, som koplar saman vasskrafthistorie og naturattraksjonar:

To personar som står på utkikkspunktet over Vøringsfossen.
Vøringsfossen er del av den kraftfulle rundturen med opplevingar i Hardanger. (Foto: Vegard Breie / Visit Hardangerfjord)

Vil utvikle opplevingstilbod

– Desse rundturane gjev ikkje berre fantastiske naturopplevingar, men også eit innblikk i kva som har forma mange av bygdene og tettstadane våre. Vi ser framleis tydelege spor etter kva vasskraftproduksjonen har betydd og framleis betyr, seier Ekerhovd.

Det overordna målet med prosjektet er å utvikle opplevingstilbod og leggje til rette for ruter i det vestlandske kulturlandskapet. Det er vidare ønskeleg å formidle samanhengane mellom natur og kultur og å nå eit breiare publikum.

Tenkemåten i prosjektet er basert på heilskapleg destinasjonsutvikling, i tråd med NOU 2023:10 Lese og oppleve – reisemål for en bærekraftig fremtid.