Kantslått for både insekt, blomar og trafikantar
Kor mange artar finn du i ei veggrøft i Vestland? Fylkeskommunen har kartlagt vegetasjonen langs 248 strekningar for å ta vare på artsmangfaldet.
Fylkesvegane må vere klare for sommartrafikken, og vegkantane blir slått for å sikre god sikt. Kantslått skjer både i juni og i august, men ikkje over alt!
Kva med mangfaldet i grøfta?
– Sjå, her er det både bergfrue og enghumleblom! seier Vilde Grøthe Holtmoen, rådgjevar for ytre miljø i Vestland fylkeskommune.
Ho undersøker ei av strekningane som er registrert som "artsrik vegkant" på fv. 5602 mellom Feios og Fresvik. Denne vegkanten blir ikkje slått før seinare, for i grøfta finst det trua artar som må takast vare på. Her er dei raudlista artane kyståkermåne og stavklokke registrert. Grøthe Holtmoen finn 30 artar i vegkanten på mindre enn ein time ein dag i juni.
– Det er viktig å ta omsyn til vegstrekningar som har eit rikt artsmangfald. Ved vente med kantslåtten sørger vi for at blomane får spreidd frøa sine og at pollinerande insekt får tid til å besøke dei før dei vert slått, seier Grøthe Holtmoen.
I 2022 kartla fylkeskommunen heile 189 strekningar langs fylkesveg i Sogn og 59 i Hardanger. I sommar skal det kartleggast i Nordfjord, Sunnfjord Nord og Sotra-Askøy-Bergen-Øygarden.
To tankar - trafikktryggleik og naturvern
Mykje av vegetasjonen kan vekse høgt og raskt og hindre sikt langs svingete vestlandsvegar.
– Trafikktryggleiken kjem alltid først, men vi må også klare å ta vare på viktig natur for framtida langs delar av fylkesvegen, seier Dina Lefdal, avdelingsdirektør for infrastruktur og veg i Vestland.
Det er og uønska artar langs vegen som ein ynskjer å hindre spreiinga av, vekster som spreiar seg så raskt at sjeldne insekt- og planteartar ikkje får plass. Å slå på rett tid kan bidra til å ta vare på artsmangfaldet.
Nokre artsrike vegkantar vert slått to gonger, for å hindre attgroing av høgvokst gras, buskas og vekst på næringsrike plassar. Første slått skjer da så tidleg som mogleg, følgt av ein lang vekstsesong slik at andre slått er etter frøsetting seint i sesongen.
Eit grunnlag for arbeidet er «Tiltaksplan for pollinerande insekt» hjå Miljødirektøratet, der målet er å auke kartlegginga av aktuelle areal og kunnskap om bruken av desse.
Den estetiske opplevinga
Nær Fresvik er Grøthe Holtmoen glad for det fargerike mangfaldet i grøfta. Dei to raudlista artane hadde ikkje dukka opp enno då dei blømer i juli og august, men funn av til dømes bergfrue som er norges nasjonalplante i lag med røsslyng er stas.
– For folk og trafikantar er også den estetiske opplevinga av ein blomstrande vegkant viktig, tenker eg, seier Grøthe Holtmoen. – Og eg høyrer turistane er begeistra for blomstrande norske vegar!
Typiske vestlandsvegar i bratte område med mykje steinur og lausmassar ved vegen
gjev ofte eit rikt artsmangfald. Her kjem det jamleg tilførsel av næringsstoff.
Med differensiert kantslått skjer første slåtten i juni, med ein ny runde i august tilpassa artsrike vegkantar.
Og når du må vente langs vegen etter maskiner som driv kantslått, så hugs at det er for trafikantane sin tryggleik og også for å sikre insekt- og artsmangfald for framtida.
- Registrerte artar, fv. 5602 Feios-Fresvik, juni 2023:
engsoleie, haremat, gjerdevikke, prestekrage, skogstorkenebb, vendelrot, tiriltunge, myske, hårsveve, revebjelle, løkurt, bergfrue, timotei, engtjæreblom, tveskjeggveronika, rundbelg, engforglemmegei, berggull, tårnurt, korsved, enghumleblom, ryllik, kratthumleblom, skogburkne, småsmelle, steinnype, løvetann, hengeaks, skogvikke og knollerteknapp. - Pollinerande insekt: humler, blomsterflue, bærtege
Ingen framande artar vart observert.