Internasjonaliseringsprisen Villsauen til Fjord Maritime

Fylkesordførar Jon Askeland og administrerande direktør Monica Mæland i Bergen Næringsråd delte ut prisen på årskonferansen til næringsrådet 17. november.

Fylkesordførar deler ut pris til mann i dress.
VILLSAU-PRISEN: Øyvind Bakke, CCO i Fjord Maritime, tok imot prisen frå fylkesordførar Jon Askeland og Monica Mæland, administrerande direktør i Bergen Næringsråd. (Foto: Eivind Senneset/Bergen Næringsråd)

Villsauen, Vestlandets internasjonaliseringspris, går i år altså til Fjord Maritime. I løpet av sju år har vinnaren Fjord Maritime vorte ein internasjonal pioner innan elektrifisering og digitalisering av havbruksnæringa. Dei innovative løysingane til prisvinnaren bidreg til opptil 90 prosent reduksjon av klimagassutslepp i havbruksanlegg verda over.

– Fjord Maritime er i verdsklassen i sitt felt. Sidan oppstarten i 2016 har selskapet utvikla løysingar som ikkje berre er framtidsretta, men som også løftar og posisjonerer ei heil næring for ei meir berekraftig framtid gjennom elektrifisering og digitalisering, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland og leiar av juryen som tildeler prisen.

Har etablert seg internasjonalt

Villsauen blir delt ut for 21. gong i år. Prisen er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Bergen Næringsråd. Villsauen er vald som symbol fordi han er sterk, uthaldande og nøysam. Det krevst at vinnaren av Villsauen er innovativ, og at han har etablert seg i utanlandske marknadar på permanent basis. Vinnaren må kunne vise til positiv utvikling og lønsemd, der ein stor del av omsetninga skriv seg frå internasjonale marknadar. 

Årets Villsau svarer ut alle kriterium, og vel så det. Frå hovudkontoret i Vestland har Fjord Maritime etablert seg i Storbritannia, Chile og Canada, og teke ein stor marknadsposisjon globalt.

Til inspirasjon for andre

Fjord Maritime er eit framifrå døme på at kompetanse frå tradisjonell offshoreverksemd blir overført til grønare og meir berekraftige næringar. Det heile starta med tre gründerar frå olje- og gassindustrien som såg eit potensial for å energieffektivisere oppdrettsanlegga langs kysten.

Frå første installasjon av produktet Fjord Hybrid i 2018, har Fjord Maritime halde fram innovasjonen og lansert nye løysingar som Fjord Control og Fjord Energy.

– I tillegg til kontinuerleg eksportvekst og solid lønnsemd, tek vinnaren One Ocean Havbyen Bergen ut i verda. Dette som forbilde og til stor inspirasjon, seier Jon Askeland.

Dei siste åra har Highsoft, Corvus Energy og Brødrene Aa fått Villsau-prisen.

Desse har sete i juryen i år

  • Jon Askeland, fylkesordførar, Vestland fylkeskommune
  • Monica Mæland, administrerande direktør i Bergen Næringsråd
  • Rolf Håvard Sørland, regionsdirektør i Innovasjon Noreg Vestland
  • Peggy Krantz-underland, VP Corporate Audit i Equinor og leiar av ekspertgruppe internasjonalt i Bergen Næringsråd
  • Fjorårsvinnaren av Villsauen, Highsoft AS