Gratis eller reduserte priser på ferjene i Vestland

– Vi kan juble for endå lågare ferjetakstar i Vestland og at alle ferjer til stader utan veg til fastlandet, blir gratis. Det seier fylkesordførar Jon Askeland etter vedtak i fylkestinget. Hufthamar-Krokeide blir gratis frå 16. august, og for dei andre sambanda blir rabatten auka til 50 prosent.

Ferje nær ferjekai.
GRATIS TIL AUSTEVOLL: Ferja mellom Austevoll og Bergen kommune blir gratis frå 16. august. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

I fjor vedtok Stortinget ordninga med gratis ferjer og reduserte takstar. I år har Stortinget vedteke å utvide ordninga. Fylkestinget følgjer samrøystes opp vedtaket.  

– Dette har stor verdi for alle som reiser med ferje i Vestland og spesielt for innbyggarane, kommunar, næringsliv og organisasjonar på små øyer med ferjesamband. Gratis ferje og lågare ferjetakstar reduserer distriktsulempene og er eit viktig handslag for folk langs kysten. Alle som reiser med desse sambanda vil få ein meirverdi, og næringslivet får lågare kostnader. Dette bidreg til å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Utviding

I fjor vart 10 ferjesamband og fire delstrekningar på fleirkantsamband i fylket gratis. Dette blir no utvida med ferjesambandet Hufthamar-Krokeide. I tillegg får dei 13 andre ferjesambanda, som fylkeskommunen driv, redusert takst. Endringa skal skje frå 16. august.

Gratis ferjer

  • Hufthamar-Krokeide (frå 16. august i år, dei andre frå 1. juli i fjor) 
  • Hisarøy – Mjånes 
  • Barmen - Barmsund 
  • Klokkarvik - Lerøy - Bjelkarøy - Hjellestad 
  • Daløy - Haldorsneset 
  • Fjelberg - Sydnes - Utbjoa 
  • Kinsarvik - Utne 
  • Fedje - Sævrøy 
  • Masfjordnes – Duesund 
  • Rysjedalsvika - Rutledal - Krakhella 
  • Husavik-Sandvikvåg 

Gratis fleirkantsamband (frå 1. juli i fjor) 

  • Askvoll – Gjervik - Fure - Værlandet (Gjeld reisande til og frå Gjervik og Værlandet) 
  • Gjermundshamn - Varaldsøy – Årsnes (Gjeld reisande til og frå Varaldsøy) 
  • Jektevik - Nordhuglo – Hodnanes (Gjeld reisande til og frå Nordhuglo) 
  • Måløy - Husevågøy – Oldeide (Gjeld reisande til og frå Husevågøy) 

50 prosent rabatt

Følgande samband i Vestland får redusert takst til 50 prosent frå 16. august. Rabatten blir gitt på taksten pr.  1. januar 2021: 

• Leirvåg – Sløvåg
• Hatvik – Venjaneset
• Halhjem – Våge
• Langevåg – Buavåg
• Skjersholmane – Ranavik
• Jondal – Tørvikbygd
• Kvanndal – Utne
• Skånevik – Matre – Utåker
• Stårheim – Isane
• Askvoll – Fure
• Gjermundshamn - Årsnes
• Jektevik – Hodnanes
• Måløy - Oldeide 

Kompensasjon

– Det er ein føresetnad at Stortinget kompenserer for meirutgiftene vi får. Gratis ferjer og reduserte taktstar kan føre til auka trafikk. Vi må bli fullt ut kompensert for ordninga, også om det blir mogeleg auke i kapasitetsbehovet, understrekar fylkesordførar Jon Askeland.