Geiter i fylkeskommunal teneste

Ved rasteplassen Kolven i Balestrand, mellom ferjekaien på Dragsvik og Gaularfjellet, beitar det sju geiter på oppdrag frå Vestland fylkeskommune.

Nærbilde av geit.
HAUSTJOBB: Sju geiter frå Eikelund gard er på oppdrag frå fylkeskommunen ved rasteplassen Kolven, ikkje langt frå Dragsvik i Balestrand. Her skal dei beite ei bratt skråning frå fylkesvegen og ned til fjorden. (Alle foto: Birthe Johanne Finstad/Vestland fylkeskommune)

Det var geitebonde Bjørge Eikelund som i sommar tok kontakt med fylkeskommunen for å høyre om det var aktuelt å leige geiter for å drive skjøtsel langs fylkesvegen, som også er nasjonal turistveg. Byggeleiar Skule Jacobsen i avdeling for infrastruktur og veg tende straks på ideen og tok turen til Balestrand på synfaring.

To menn i vegkant med geiter.
Byggeleiar Skule Jacobsen i fylkeskommunen og geitebonde Bjørge Eikelund på synfaring på Kolven to dagar etter at geitene starta oppdraget.

Alternativ til maskiner

– Eg har sagt det lenge, vi skulle hatt 10 000 geiter gåande. Det hadde spart oss for millionar. Geitene held tilveksten langs vegane nede. Alternativet er at vi må inn med store traktorar med klippeaggregat og krattknusarar, og alt manuelt og maskinelt arbeid kostar pengar, seier Jacobsen.

Han fortel at i kontrakten med entreprenørane står det at dei skal slå og drive skjøtsel 3–6 meter ut frå vegen. Men i bratte skråningar, som det er ein del av på Vestlandet, vil det likevel gro att ein del.

Geiter som går og beitar i bratt skråning.
Då bildet vart teke hadde geitene gått her to dagar, og det var veldig tydeleg at dette er ein effektiv gjeng. Det var like mykje gras og kratt overalt då dei starta, men på to dagar hadde dei teke godt for seg av det skråninga har å by på.

– Til dømes ser vi ikkje bjørketrea før dei blir nokre meter høge, og då må vi ha maskiner for å fjerne dei. Geitene kan halde tilveksten nede, slik at vi slepp det. På rasvollane inni fjorden her har vi brukt millionar på å ta att attgrodd terreng. Målet med geitene er å unngå å hamne i slike situasjonar, fortel han.

Geitene er også eit miljøvenleg tiltak, og dei kan gå ute heile sommaren.

Nofence-teknologi

Geitene på Kolven er inntil vidare eit prøveprosjekt, og om alt går etter planen skal det til våren også gå geiter ved rasvollane innover langs fylkesvegen inn til Gaularfjellet. I sommar har fylkeskommunen også hatt tolv geiter og fleire geitekillingar gåande på fv. 615 ved Storesvora i Hyen i Gloppen kommune.

Skilt med informasjon om nofence-teknologi på norsk og engelsk. Geiter i bakgrunnen.
Det er sett opp skilt med informasjon om nofence-teknologien på både norsk og engelsk. Her får turistar og andre vegfarande kunnskap om kvifor geitene så tydeleg held seg i skråninga og snur med ein gong dei nærmar seg sjølve rasteplassen.

Geitene er inngjerda med nofence-teknologi. Det betyr at dei har på GPS-klavar, og eigaren plottar inn grensene dei skal gå innanfor på eit kart. På Kolven skal geitene gå i ei skråning mellom vegen og fjorden, cirka 200 meter langs fylkesvegen. Når dei nærmar seg grensene sine, får dei lydvarsel. Då skal dei snu, men om dei likevel ikkje gjer det, får dei eit lite støyt som teikn på at dei har gått feil.

– Teknologien er ganske ny. Det kom for sal i 2019, og no er utfordringa at det ikkje blir produsert nok klavar. Til dømes får eg no ikkje kjøpt nye klavar før neste år, fordi det er så stor etterspurnad, fortel Bjørge Eikelund, som starta med utleige av geit i fjor.

Rasteplass ved fjorden.
Rasteplassen Kolven ligg ca. 10 minutt frå ferjekaien på Dragsvik, og geitene skal halde seg på nedsida mot fjorden. Fjorden innover til venstre går inn mot Vetlefjorden og Gaularfjellet. Til høgre ligg grenda Menes.

Fire fordelar

Avdelingsdirektør i avdeling for infrastruktur og veg, Dina Lefdal, oppsummerer fordelane med geit framfor maskiner i fire punkt.

– Vi slepp å ha maskiner i vegen som gjer jobben. Det er ingen fare for skogbrann, kjettingfragment og liknande. Geitene tek vare på kulturlandskapet og det biologiske mangfaldet, og dei oppnår god sikt langs vegen, slår Lefdal fast, og legg til at dette er noko fylkeskommunen vil vurdere også på andre strekningar i fylket.

To menn i gule arbeidsklede og geiter i vegkant.
Geitene er sosiale dyr, og dei set pris på at eigar og byggjeleiar har teke turen for å helse på. Dei snur likevel straks dei kjem opp til grensa og høyrer lydsignalet.

Kystgeit i kulturlandskapet

Geitebonden i Balestrand er også oppteken av kulturlandskapet. Han meiner geitene er eit naturleg og godt innslag langs den nasjonale turistvegen, og at det er flott for turistane med liv langs vegen.

– I tillegg er geitene av rasen kystgeit, som er sjelden og utryddingstrua. Dei kjem opphavleg frå Stadlandet, der det har vore gjort ein god jobb med å ta vare på og byggje opp rasen att, fortel Eikelund.

Fylkeskommunen ser no på moglegheitene for å ta i bruk geiter til å drive skjøtsel langs fylkesveg også andre stadar.