Fylkestinget med hjelpande hand til papirlause flyktningar

Papirlause flyktningar i Vestland kan no få transportstøtte ved humanitære behov og tilbod om opplæring i klassar der det er plass.

bybanen
TRANSPORTSTØTTE: Fylkestinget har blant anna vedteke at papirlause flyktningar i Vestland kan få transportstøtte ved humanitære behov. (Foto: Iver Daaland Åse/Bybanen Utbygging)

– Fylkestinget har i fleire rundar sett på situasjonen til dei papirlause flyktningane. Med dette vedtaket knytt til kollektivtransport og utdanning håpar vi at regjeringa og Stortinget vil endre korleis Noreg behandlar denne sårbare gruppa menneske, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkestinget behandla saka om papirlause på møtet sitt i Loen 15. juni, og vedtok også at Vestland fylkeskommune skal vere ein pådrivar for politikkutforming på dette feltet.

Kollektivtransport og opplæring

Fylkestinget vektlegg det humanitære og vil blant anna støtte ei ordning der frivillige og/eller ideelle organisasjonar kan organisere og distribuere gratis kollektivtransport til reiser knytt til humanitær bistand, til dømes helsehjelp. Fylkespolitikarane vedtok også at unge under 18 år utan gyldig opphaldsløyve skal få opplæringstilbod i klassar der det er plass.

– Vi meiner at papirlause har humanitære rettar. Og vi vil bidra på dei måtane vi kan som fylkeskommune, som er særleg innan felta kollektivtransport og vidaregåande opplæring, seier Askeland.

Etablerer samarbeidsforum

Fylkestinget vil i tillegg styrke arbeidet med å få meir kunnskap om papirlause flyktningar og situasjonen deira. Sidan dette er ei gruppe menneske som ikkje er registrerte nokon stad, er det umogleg å vite kor mange som oppheld seg i Vestland og Noreg i dag. Det er nødvendig med ei alternativ kartlegging av situasjonen for å få meir og detaljert kunnskap om gruppa. Betre kunnskap vil igjen gjere det lettare å dimensjonere gode verkemiddel.

Vestland fylkeskommune etablerer i tillegg eit samarbeidsforum med statsetatar, kommunar og frivillige organisasjonar for å auke kunnskapen, dele erfaringar og samordne innsatsen for papirlause flyktningar.

Vestland fylkeskommune har arbeidd for få oversikt over papirlause og situasjonen deira. Dette kan du lese meir om i saksframlegget til den politiske saka fylkestinget behandla. Saklista finn du her, og saka er PS 57/2023.