Fordelte midlar frå tidenes kulturbudsjett

Fylkestinget vedtok eit kulturbudsjett på nær 800 millionar kroner før jul, ein auke på over 50 millionar frå året før. No er driftstilskot til organisasjonar og institusjonar innan kultur, idrett og friluftsliv fordelte.

Ungdomar som held opp telefonane sine og lyser på konsert. Det er lilla lysskjær i bildet.
UKM: Hovudutvalet vedtok å auke løyvinga til UKM med 200 000 kr i 2023. Det er eit mål at UKM skal byggast ut som eit heilårleg tilbod til ungdom i heile fylket i eit samarbeid mellom kommunane, fylkeskommunen og UKM Norge. (Foto: Foto: Emmerense Kjerstad/Vestland fylkeskommune)

Vestland fylkeskommune gir tilskot til ei rekke organisasjonar og institusjonar på kultur- og idrettsfeltet. Ein vesentleg del av kulturbudsjettet går til dette, samstundes som mykje også går til ulike tilskotsordningar, som blir lyste ut gjennom året.

Brei kulturpolitikk

Hovudutval for kultur, idrett og inkludering hadde møte i Førde 19. januar og løyvde då driftstilskot til ei rekkje aktørar.

– Fylkeskommunen ser Vestland som ein heilskap. Dermed må vi ha ein brei kulturpolitikk som gjer at det er like naturleg å samarbeide med små som med store aktørar, og over heile fylket. Dette viser igjen i vesentlege løyvingar til dei profesjonelle institusjonane, men også i støtta til mindre frivillige tiltak, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.

Tilskot til store og små aktørar

Store delar av kulturbudsjettet går til profesjonelle kulturinstitusjonar, til dømes innan musikk og  scenekunst. Også mange festivalar står på lista over dei som får driftstilskot frå fylkeskommunen. Det gjer i tillegg organisasjonar som tek vare på kulturarven i fylket, om det er musea, Gulatinget eller Stiftinga Oselvarverkstaden.

I 2023 vart det også løyvd vesentlege midlar til kulturhusføremål. I tillegg til tiltak på Moster amfi og Sunnhordland museum, vart det sett av planleggingsmidlar til visingssenter på Astruptunet i Jølster og Griegkvartalet i Bergen.

Stort mangfald

Kulturlivet er prega av stort mangfald, og mange mindre organisasjonar og institusjonar innan kultur, idrett og friluftsliv får driftsstøtte frå fylkeskommunen. Hovudutvalet løyvde midlar til alt frå Arboretet på Milde, Sentralbadet Litteraturhus i Odda, Jakob Sande-selskapet, Norges korforbund og turløyper på Kvamsskogen.

Friluftsråda i fylket, turlaga og fylkeslaga av Norges Jeger- og Fiskeforbund er blant dei som får støtte i kategorien friluftsliv.

Oversikt over alle som får driftstilskot

Det er ideelle verksemder med eit tydeleg føremål innan kunst, kultur, idrett og friluftsliv, med sterk regional, fylkesfemnande eller nasjonal verdi og hovudaktivitet i Vestland som får driftstilskot frå fylkeskommunen.

Du kan sjå oversikt over alle institusjonar og organisasjonar som får driftstilskot frå Vestland fylkeskommune i saksframlegget.

Dette vart vedteke med slike endringar:

  • La inn tilskot til Sentralbadet Litteraturhus på 210 000 kr
  • Auka løyvinga til Cornerteateret (Teaterdrift AS) med 100 000 kr til 1 080 000 kr
  • Auka løyvinga til Fri Bergen og Hordaland med 45 000 kr til 310 000 kr
  • Auka løyvinga til Stiftinga Balejazz med 50 000 kr til 203 000 kr
  • Reduserte posten «Stønad etter vedtak» med 310 000 kr til 5 300 000 kr
  • Reduserte posten «Inkludering og mangfald – utlysing av prosjektstøtte» med 45 000 kr til 835 000 kr