Fløen gler seg over å få parsellhagen tilbake
– Tusen takk for tolmod og for at de ikkje gav dykk. Eg beklagar ulempene, men no kan vi feire og byrje på igjen. Det sa fylkesordførar Jon Askeland då parsellhagen i Fløen vart gjenopna etter seks år med utbygging av Bybanen.

– Vi har halde ord og gjeve attende parsellhagen som avtalt. No er alle glade igjen. Gratulerer så mykje med dagen. Det var viktig å få Bybanen. Eg trur alle i Fløen er glade for den. Vi får bilane vekk og bykvaliteten blir betre, sa Askeland.

Bra for byen og folket
Ein ny kvardag startar no i Fløen.
– Det har mykje å seie for oss menneske å stelle med jorda, dyrke fram blomster og det grøne. Fellesskapet her, i glede over å sjå resultata, er viktig. Det framkallar endorfinar i oss. Vi blir betre menneske. Det er bra for byen og folket. Eg er veldig glad for å dele dette med dykk. Ha det gøy! sa fylkesordførar Jon Askeland.

Takk for tolmodet
Laurdag 10. juni vart parsellhagen i Fløen gjenopna. På denne strålande sommardagen hadde mange møtt fram. Fylkesordføraren opna offisielt parsellhagen saman med byråd for klima, miljø og byutvikling, Ingrid Nergaard Fjelstad.
– Takk for tolmodet. De har halde trykket oppe og overlevd den tunge tida. Det er imponerande. Vi har kome styrka ut av dette. Vi har fått ein ny parsellhage på Storetveit i tillegg til denne. Her blir det mykje aktivitet og sosialt fellesskap, grøne lunger og møteplassar. Om vi alle dyrkar litt grønsaker, får vi kortreist mat og låge klimautslepp. Det er bra for kosthaldet og folkehelsa, sa byråd Ingrid Nergaard Fjelstad.

Lilla blomkål
I fellesskap overrekte byrden og fylkesordføraren ein innflyttingsgåve til parsellhagen samansett av mandelpoteter, neper, svart grønkål, fennikel, lilla blomkål, grønnkål og salat, alt dette som stiklingar for rask vekst. I tillegg frø av sommargulrøtter, persille, gressløk og spinat. Gåva vart avslutta med biokol som lagrar CO2, bidreg til klimarekneskapen og tek vare på fukt i jorda.

Entusiasmen er tilbake
Styrerepresentant og frontkjempar parsellaget Astrid Sirnes er svært glad for gjenopninga.
– Velkommen til opningsfest. Snart blir det stor aktivitet her. Store og små, gamle og unge. Her skal det vekse og gro. Her skal det bli grønt og fargerikt. No har roen senka seg i Fløen. Entusiasmen er tilbake, sa Sirnes.

«Vi heier på dykk»
Bybonde Kristin Hermansen deltok på opninga.
– Vi bybønder drøymer om at Bergen skal bli grønnare og meir spiseleg. De i Fløen har verkeleg gjort dykkar del av denne jobben. Verdien av ein parsellhage kan ikkje målast ut av det dykk haustar. Ein parsellhage skapar nabolag som vi hegnar om og vil bli verande i. Den skapar tilknyting og fellesskap. De blir lykkelege av å grave i jorda. Vi heier på dykk og ønskjer at de får ein passeleg mengde med sol og regn og ein god dyrkesesong, sa bybonde Hermansen.

Klasserom under open himmel
Haukeland skole var ein av skulane som i 1914 starta skulehage i Fløen. Rektor Siv Nyegaard er glad for at dei no skal tilbake til Fløen.
– Vi har lange tradisjonar her. For 100 års dyrka elevane våre området. Dei sådde, hausta og dyrka i stor skala. Og resultatet hamna på middagsbordet heime hos elevane. No gler vi oss til å ta i bruk eit nytt stort klasserom under open himmel og lære elevane praktisk arbeid. Vi skal bruke området slik at elevane blir endå betre kjende med naturen, får respekt for den og ønskjer å ta vare på den, sa rektor Nyegaard.

Skulehage
Parsellhagen i Fløen starta som skulehage, men i 1980 gjekk den ut av bruk. Private naboar starta Fløen parsellag og overtok. Stig Madsøy er styreleiar etter at dei to parsellhagane i Fløen og på Storetveit er slegne saman til Fløen og Storetveit parsellag. Kvar parsell er på 40 kvadratmeter og det er 64 på Storetveit og 90 i Fløen.

150 på venteliste
– Det var heilt avgjerande for oss at vi fekk Storetveit som erstatning då arbeidet i Fløen starta. No har vi fem mål her i Fløen og fire mål på Storetveit. Alle parsellane i Fløen skal vi dele ut. Dei som hadde parsellhage her tidlegare får førsteretten. Men vi har alt 150 på venteliste. Vi trur ventelista vil auke, no som vi opnar igjen. Alle som bur i Bergen kommune kan bli medlem. Det er veldig varmt og triveleg her. Dei første vårblomstane i Bergen kjem her, seier styreleiar Stig Madsøy.
