Får 920 000 kroner til klimavenleg arealbruk

Vestland fylkeskommune har saman med kommunane Aurland, Sunnfjord, Vik og Voss fått 920 000 kr i klimasatsmidlar frå Miljødirektoratet.

Oversiktsbilde av landskap.
AREALREKNESKAP: Ved å bruke eit arealrekneskap kan ein sjå kvar dagens jordbruksland er, og korleis arealbruken har forandra seg eller er planlagt endra. (Illustrasjonsfoto: Vestland fylkeskommune)

Tilskotet skal bidra til å gje eit betre kunnskapsgrunnlag om arealbruk, og til å styrke omsynet i kommunal planlegging ved å ta i bruk arealrekneskap.

– Meir kunnskap om og merksemd på effektiv arealbruk er ei viktig satsing for fylkeskommunen. Jo mindre natur vi byggjer ned, dess betre bidreg vi i klimaomstillinga. Slik sikrar vi òg ei klimavenleg areal- og transportplanlegging, seier Synnøve Stalheim, seksjonssjef for plan, klima og analyse i Vestland fylkeskommune.

Skal bidra til kommunale arealrekneskap

Den økonomiske støtta frå Miljødirektoratet skal bidra til gode grunnlag for avgjerder, der det å redusere klimagassutslepp står heilt sentralt. Prosjektet skal bidra til kompetanseheving og samordning hjå alle kommunane i Vestland.

Det er eit stort potensial for å redusere klimagassutslepp ved å leggje mindre beslag på areal og ved å ta vare på karbonrike areal. Kommunar kan leggje til rette for klimavennleg utbygging, redusert transportbehov og utsleppsfrie reiser gjennom mellom anna arealplanlegging. Ved å utarbeide arealrekneskap, kan kommunane få betre oversikt over kva areal dei har, arealbruksendringar og eksisterande planreservar.

Finne gode løysingar for alle kommunane

Fylkeskommunen skal saman med dei fire kommunane i prosjektet prøve å finne gode løysingar for korleis vestlandskommunane kan bruke arealrekneskap for å løyse behov og utfordringar.

– Målet er at alle kommunane i fylket skal få nytte av arbeidet. Vi skal lage ein samanliknbar metodikk og kommunale arealrekneskap, som blir samordna mot kvarandre og på sikt mot eit overordna, regionalt arealrekneskap, seier Stalheim.