Engasjerte ungdommar skal bruke stemmeretten
– Vi er engasjert i politikk og samfunnsdebatt. Det er viktig å bruke stemmeretten, seier elevar ved Slåtthaug, og Laksevåg og Bergen maritime vidaregåande skular. Rundt 1000 elevar frå dei to skulane deltok på felles skuledebatt.

Alle dei vidaregåande skulane i fylket har gjennomført skuledebatt med ungdomspolitikarar frå dei ni partia som er valde inn på Stortinget. Etter debattane har politikarane stått på valtorg på skulane der elevane har fått informasjon og stilt spørsmål om tema dei er opptatt av.
Må vere skeptiske
– På skulen har vi fått informasjon om valet. Det er litt gøy å engasjere seg. Men det er ikkje lett å finne ut kven vi skal stemme på. Dei lovar mykje og held ikkje alltid det dei lovar, så vi må vere litt skeptiske. Men vi må stole på politikarane. Det er dei som styrer landet, og vi må velje dei vi meiner gjer best jobb, seier Marius Waage og Emil Berge-Haukedal, begge elevar ved Laksevåg og Bergen maritime videregående skule, og Elias Lilleskare og Johan Blåsternes, begge elevar ved Slåtthaug videregående skole.

Underhaldande
Debatten med dei ni ungdomspolitikarane syntest dei var bra og underhaldande.
– Det var gøy å høyre på, mykje humor og høg temperatur. Men det var også mykje personangrep. Dei skaut på kvarandre og var veldig lite saklege, men vi ungdommar likar at det er litt show.
Elevane er engasjerte i samfunnsdebatten og synest det er viktig å stemme ved valet.
– Vi er veldig interessert i økonomi og finans og korleis vi skal løyse problemet med olja, forureining og klima, seier Marius Waage og Emil Berge-Haukedal, som går på vg2 automatisering.
– Vi er opptatt av at samfunnet skal utvikle seg framover. Og at samfunnet blir slik vil vil prioritere, seier Elias Lilleskare og Johan Blåsternes, som går på vg1 teknologi- og industrifag.

Ingenting å klage over
Elevane meiner at ungdommen i dag stort sett har det greitt.
– Vi lever i eit godt land og har eigentleg ingenting å klage over. Det er tilrettelagt mykje bra for oss i det norske samfunnet. Men vi ser at det er nokre som slit. Det er ungdommar som blir haldne utanfor det sosiale miljøet og som ikkje greier å kome inn i gjengen. Dei har det tyngre enn oss andre. Framover må vi legge meir vekt på trivsel og at alle blir inkludert, seier Marius Waage, Emil Berge-Haukedal, Elias Lilleskare og Johan Blåsternes.
Bra tilbod
To elevar ved Laksevåg og Bergen maritime videregående skole var debattleiarar. Det var Sebastian Bødtker Andersen og Martin Kjærgård.
– Vi vart spurde av læraren om vi var interessert og slo til. Vi meinte det var eit bra tilbod, og vi fekk gå på eit eige kurs for debattleiarar. Vi hadde lese oss opp på dei ni partia som deltok, og vi passa på at alle parti fekk like lang taletid. Det var lett å halde styr på debattantane. Nokre prøvde å gå over taletida, men då minna vi dei på at tida var ute, seier Sebastian Bødtker Andersen og Martin Kjærgård.

La vekk mobiltelefonane
Dei to debattleiarane syntest debatten gjekk veldig bra.
– Deltakarane fekk opp stemninga. Publikum følgde med, klappa og var engasjert. Vi såg at dei la vekk mobiltelefonane og lytta til ordskiftet.
Sjølv har dei to debattleiarane meiningar om politikken, men dei har ikkje bestemt seg for kva parti dei skal stemme på.
– VI kan mykje om politikken og partia, og vi snakkar saman om dette på skulen. Men det varierer kor mykje folk er engasjert. Men vi er engasjert i saker som har med oss å gjere og delar meiningane våre både i skulegården og i timane. Når vi er ferdig på skulen, kjem vi til å jobbe i oljebransjen, så vi håpar det framleis vil bli arbeid der når vi er ferdig utdanna, seier Sebastian Bødtker Andersen og Martin Kjærgård.

Resultat av skulevalet
Etter at skuledebattane er avslutta, blir sjølve skulevalet gjennomført. Resultatet blir offentleggjort 5. september klokka 19. Totalt 391 vidaregåande skuler i landet deltek.
Skulevalet er først og fremst ein arena for demokratiopplæring, der elevane sjølv kan delta aktivt i politiske diskusjonar, få kunnskap om ulike politiske retningar og gi eiga stemme. Skuleval, skuledebattar og valtorg skal gi elevane opplevinga av å vere ein aktiv medborgar i eit demokrati, og gi dei ei praktisk innføring i demokratigrunnlaget.