Elfly Bergen - Førde: - Dette vil bli ein revolusjon

Ein ny rapport viser ein rekkje fordelar med å teste ut elfly mellom dei to byane - i første omgang som eit pilotprosjekt.

Småfly i lufta med fjell i bakgrunnen.
FLEIRE FORDELAR: Den nye rapporten viser ein rekkje fordelar ved å nytte strekninga Førde–Bergen til å innføre elektriske fly til ordinær passasjertransport. Det er passeleg avstand mellom byane og passasjergrunnlaget eignar seg for elektriske fly med få sete. Illustrasjonsfoto: Rolls Royce/Dario.

Vestland fylkeskommune har leia ei satsing for å få etablert elektrisk flyrute mellom Førde og Bergen, i samarbeid med Sunnfjord kommune. Transportøkonomisk institutt (TØI) har på oppdrag frå fylkeskommunen undersøkt samfunnseffektane av ei batterielektrisk flyrute som eit pilotprosjekt, og kva som skal til for å etablere ruta i kommersiell drift.
 
– El-fly vil bli Vestlandets intercity. Dette vil bli ein revolusjon, ikkje berre for bulyst og verdiskaping i regionen, men ein slik pilot bidrar til teknologiutvikling og viser at også luftfart evnar å kutte klimagassutslepp. Vestlendingar er godt vane med å køyre elektrisk, vi er aktive brukarar av  kortbanenettet og vi har erfaringar med ambisiøse pilotar, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis. 

Kort oppsummert viser ho til statssekretær Bent-Joacim Bentzen i Samferdselsdepartementet, som har sagt at kortbanenettets gullalder ligg foran oss.

Koplar næringslivet tettare saman

Den elektriske flyruta skal hjelpe å redusere klimapåverknad frå luftfart raskare, samtidig som det gir positive samfunnsgevinstar. Bakgrunnen for satsinga er Sunnfjord og Bergen sine felles mål om å betre den regionale tilknytinga. 
 
– Det er viktig å få på plass flyrute mellom Førde og Bergen. Den vil knytte næringslivet tettare saman og er viktig for den daglege drifta for store verksemder som til dømes Helse Førde, seier ordførar i Sunnfjord Jenny Følling.

Elbilpolitikk i lufta

Rapporten peiker på at «elbilpolitikk» i lufta er naudsynt for å realisere elfly raskare. Politisk vilje, enda klarare mål og kostbare incentivordningar må på plass for at elfly skal bli eit realistisk tilbod på flyruter i Norge.
 
I den nye nasjonale luftfartsstrategien, «Bærekraftig og sikker luftfart», står det blant anna at Norge skal vere føregangsland for elfly, og at dei første elflya skal fasast inn på FOT-rutane med opp¬start i 2028-2029. FOT-rutane er statleg finansierte flyrutar og står for «forpliktelser til offentlig tjenesteytelse». Luftfarten skal i tillegg bidra til å oppnå reduksjon av klimagassutslepp med 55 prosent innan 2030. Likevel, og i motsetnad til i dei andre nordiske landa, er det ingen konkrete nasjonale mål om når nasjonal luftfart skal oppnå nullutslepp. 

Mange fordelar

I følgje TØI er det ei rekke fordelar ved å nytte strekninga Førde–Bergen til å innføre elektriske fly i ordinær passasjertransport. Det er passeleg avstand mellom byane og passasjergrunnlaget eignar seg for elektriske fly med få sete. Det er stor stønad frå fylkeskommune og Sunnfjord kommune. Det vert også peika på at ei flyrute vil kutte reisetida monaleg, vêrtilhøva er godt eigna og at infrastrukturen ligg godt til rette, både når det gjeld lading og vedlikehald av fly.

Betre samarbeid

Undersøkinga viser at flyruta kan bidra til å styrke samarbeidet mellom ulike bedrifter og andre verksemder. Den gir og moglegheiter for innovasjon og nye forretningsmodellar for luftfarten. Det blir dessutan enklare å få til interne fysiske møte i offentlege eller private verksemder som har kontor i både Sunnfjord og i Bergen. I tillegg til dette blir det enklare for tilsette i verksemder i Sunnfjord å komme seg ut i Europa – og det gir nye moglegheiter for grøn turisme på Vestlandet.