Ekstra sommarferje skal ta unna trafikken i Jondal
– Det har vore stor trafikkauke på ferjesambandet Jondal-Tørvikbygd dei siste somrane. Vi set difor inn ei ekstra ferje på sambandet denne sommaren, seier fylkesordførar Jon Askeland. Fylkestinget har vedteke å bruke 20,5 millionar kroner til drift av den ekstra ferja.

Fjord1 driftar ferjesambandet i dag og har gjeve tilbod på drift av den ekstra ferja. Dei vil bruke reserveferja «Gulen». Den skal trafikkere sambandet i fire månader, frå 1. mai til 31. august. Ferja har plass til 110 personbilar og 345 passasjerar.
Ein gong i time kvar veg
I dag har Fjord1 ferja «Samlafjord» på sambandet. Den går kvar veg ein gong i timen frå tidleg morgon til ut på kvelden og har plass til 130 personbilar. Med ekstra ferje kan det bli avgangar kvar halve time, kvar veg, store delar av dagen.
– Etter at Jondalstunnelen opna, har trafikken på ferjesambandet over fjorden auka. Spesielt i sommarmånadene har trafikken vore stor. Stadig fleire køyrer via Jondal og Odda når dei skal austover. Dette har ført til mange bilar på oppstillingsplassane på ferjekaiane både i Jondal, Tørvikbygd og vegane til ferjekaiane blir fylt opp med ventande bilar. Dette gjer det vanskeleg for lokaltrafikken som har utfordringar med å kome fram, seier Askeland.
Tar unna ferjekøane
Ordførarane i Kvam og Ullensvang har tatt opp saka med fylkeskommunen. I tillegg til utfordringane med for små ferjekaier, peikar dei og på dei trafikale problema.
– Med den ekstra ferje får vi tatt unna ferjekøane, vi løyser utfordringane med for mange bilar som ventar på ferja, og vi kan unngå trafikkfarlege hendingar. To ferjer er ei god løysing for alle partar i sommarmånadene, seier fylkesordførar Jon Askeland.