Ekstra lange vogntog får køyre på utvalde vestlandsvegar

– Dette vil gjere arbeidsdagen enklare for transportbransjen, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis etter at fylkesutvalet har vedteke å opne for ekstra lange vogntog, såkalla modulvogntog på fleire av vestlandsvegane.

Vogntog 25 meter langt.
TESTKØYRING: Eit 25 meter langt modulvogntog på testkøyring på Stord i regi av Vestland fylkeskommune. Foto: Vestland fylkeskommune

Ho leia møtet i fylkesutvalet 6. juni, der fylkesutvalet vedtok at det blir lagt rette for at vogntog opp til 25 meter kan køyre på flest mogleg fylkesvegstrekningar.

I dag er vanlege vogntog opp til 19,5 meter lange. I tillegg kan vogntog, opp til 24 meter, som fraktar tømmer, køyre på ein del fylkesvegar. Norges Lastebilforbund har søkt Vestland fylkeskommune om å opne dette tømmervegnettet, pluss ei rekkje andre vegar, for modulvogntog.

Positivt for klima

Det meste av riks- og europavegnettet i Vestland har Statens vegvesen opna for modulvogntog.

– Lengre vogntog på fylkesvegane er etterspurd av transportbransjen. Dei kan frakte meir gods enn eit ordinert vogntog og kan dermed bidra til å redusere tal store køyretøy på vegnettet. Vi har no opna for at 25 meter lange vogntog kan køyre på eit 60-tals strekningar i fylket, på over 400 kilometer med veg. Dette kan bidra til lågare utslepp frå tungtransporten, seier Golis.

Fylkeskommunen har gjort vurderingar og analyser av vegane som no bli opna for dei 25 meter lange vogntoga. Dette omfattar mellom anna Mongstad – Knarvik, Hafslo – Sogndal, Nesttun – Indre Arna og Samnanger – Norheimsund – Øystese. Men rundt 30 av vegstrekningane i fylket står att å utbetre for lengre vogntog, og dette utgjer ei total lengde på ca 500 kilometer med veg.

Legge til rette

– Vi ønskjer å legge til rette for modulvogntog på flest mogleg vegar. Men sjølv om vi har opna mange vegstrekningar for lengre vogntog, er det framleis mange igjen. Dette har årsak i for liten vegbreidde, dårleg bereevne og for krappe svingar. Ved utbetringar av vegnettet framover, vil vi vurdere å legge til rette for at fleire vegar kan bli opna for dei lange vogntoga, noko som også betrar trafikktryggleiken, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis.

Du kan lese om heile saka i saksframlegget (pdf)