Desse får kunstnarstipend frå Vestland fylkeskommune i 2023
25 kunstnarar får stipend frå Vestland fylkeskommune i 2023. Det er i kategoriane visuell kunst, scenekunst, litteratur og film, musikk og folkemusikk
24 kunstnarar får kunstnarstipend på 40 000 kroner, og ein kunstnar får folkemusikkstipendet på 60 000 kr.
Kunstnarstipenda er meint å gje profesjonelle kunstnarar, både nyutdanna og etablerte, høve til utvikling, fordjuping eller fagleg påfyll.
Folkemusikkstipendet skal gje høve til kunstnarleg utvikling og eksperimentering. Ordninga skal styrke og sikre arbeidet med immateriell og handlingsboren kulturarv.
Fem fagkomitear har komme med innstilling, og vedtak om tildeling er fatta av avdelingsdirektør kultur og folkehelse
Desse får stipend i dei ulike kategoriane i år
Musikk
- Stein Urheim
- Tatiana Pereira
- Vetle Junker
- Bodil Rørtveit
- Ingrid Horvei Lyslo
- Inger Kristine Riber
Litteratur og film
- Tormod Haugland
- Alicia M. G. Marcjong Eidesund
- Eira Søyseth
- Stian Indrevoll
- Nhu Diep
Scenekunst (inkl. dans)
- Ann-Therese Aasen
- Malgorzata Ozypinska
- David Alræk
Visuell kunst
- Nora Adwan
- Kristin Austreid
- Audgunn Naustdal Holsen
- Sara Larsen Stiansen
- Cato Løland
- Eleonore Griveau
- Siv Støldal
- Kari Hjertholm
- Fergus Tibbs
- Åsne Eldøy
Folkemusikk
- Hans Martin Rundberg Austestad