Bli med inn og sjå kunsten i Vestlandshuset

Du møter delar av kunsten allereie før du kjem inn i bygget.

Foto frå utsida av Vestlandshuset. Det syner to av kunstverka som er synlege frå utsida.
GODT SYNLEG: Kunstverka Mountain Hiking (t.v.) og Landskap er godt synlege frå utsida av Vestlandshuset. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Eitt av kunstverka som er godt synlege frå Lars Hilles gate utanfor er Mountain Hiking, laga av den finske kunstnaren Anssi Pulkkinen. Han var i Bergen ei heil veke tidlegare i vår for å vere med på monteringa av det som ved første augekast kan sjå ut som ei krølla branntrapp. Verket er plassert i taket over trappa som går frå 1. etasje til 2. etasje.

Mann ser på umontert kunstverk som ligg på golvet på allmenningen i Vestlandshuset.
Anssi Pulkkinen var i Bergen for å vere med på monteringa av kunstverket Mountain Hiking. (Foto: Ronny Skaar/Vestland fylkeskommune)

Sju fjell og sju bogar

– Det kjennest veldig bra å ha eit verk i ein slik offentleg bygning. Ofte når ein lagar kunst, så er det for utstillingar, og då er det for ein avgrensa tidsperiode. Når det blir montert her, får eg ei slags kjensle av udødelegheit, seier Pulkkinen.

Skulpturen førestiller ei branntrapp med absurde former og organisk uttrykk, og tittelen referer til friluftsliv og fridom. Kunstnaren fortel at han ikkje visste mykje om Bergen då han kom hit første gongen i 2021, men at fjella var noko av det han la best merke til.

Kunstnar monterer stort kunstverk i taket på Vestlandshuset.
Kunstverket er ei slags branntrapp med mjukt, organisk uttrykk, som er bøygd i absurde former. (Foto: Martin Magnussen/Vestland fylkeskommune)

– Det var eigentleg det einaste eg visste om Bergen, at byen blir kalla byen blant dei sju fjell. Og det kjende eg verkeleg på då eg kom hit, nærleiken til fjella. Kunstverket har sju bogar, som viser til dei sju fjella. Bogane kan også sjåast i samanheng med byråkratiet, at det av og til ikkje er ei rett linje frå A til B, men at ein kanskje må innom C eller D på vegen, seier han.

Undring, leik og humor

Ein av dei som var med å bere kunstverket inn i Vestlandshuset, var seksjonssjef for kunst- og kulturutvikling, og medlem i kunstutvalet for Vestlandshuset, Ronny Skaar. Han er begeistra.

– Anssi er ein utruleg spennande kunstnar som gjennom undring, leik og humor får oss til å sjå kvardagen på nye og uventa vis. Mountain Hiking, som vert montert i taket over trappa, er ein deformert leider, ei krølla trapp. Innebygd i verket ligg ei helsing til byen med dei sju fjell og Vestlandet. Eg synes det er heilt enormt at vi i eit bygg prega av byråkrati og politikk finn element som skapar smil, undring og, ikkje minst, ettertanke. Der det heng over trappa, kan verket òg vere ei passande påminning til politikarane, der dei går til og frå møte, om at verda er mangfaldig, kompleks og full av overrasking. Og slett ikkje firkanta, seier Skaar.

To menn utanfor framfor tredøra inn til Vestlandshuset. Det står Vestlandshuset over døra, og bak dei ligg eit kunstverk i delar.
Ronny Skaar (t.v.) er seksjonssjef for kunst- og kulturutvikling i Vestland fylkeskommune og tok imot både kunstnaren og kunstverket då det kom til Bergen og Vestlandshuset for montering. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Skal utfordre til å løfte blikket

Når Vestland fylkeskommune bygger nye bygg, skal 1,2 prosent av byggekostnadane gå til kunst i bygget, og det blir sett ned eit kunstutval for å kjøpe inn kunsten. Dei overordna tankane for kunsten i Vestlandshuset har vore at han skal vekke merksemd og interesse, ha høg kunstnarisk kvalitet, kommunisere med brukarane av bygget, forbipasserande og byen og vere solid og varig.

foto av stort ullvevbilde i svart og kvitt
Noko av kunsten i Vestlandshuset er gåver fylkeskommunen har fått, som kunstverket Side 12 og 13. Det er ei gåve frå kommunane i fylket og er ein biletvev av ull, som kunstnaren Svein Nå har tvinna for hand. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

– Utsmykkinga av Vestlandshuset er gjort i samsvar med dei rammene som er vedtekne av fylkestinget for fylkeskommunen sine bygg. Dette gjer vi òg til dømes med alle nye vidaregåande skular. Kunsten er unik i si evne til å tilføre nye element til omgjevnadene og til å utfordre oss til å løfte blikket i kvardagen. I Vestlandshuset har vi ein god variasjon både i form, materiale og uttrykk. Kunstsatsinga er eit uttrykk for Vestland fylkeskommune sin visjon om å vere open, kompetent og modig, slår Skaar fast.

Mykje inspirasjon frå Vestlandet

Eitt av dei første kunstverka som møter tilsette og besøkande på Vestlandshuset er Landskap av kunstgruppa A Kassen. Det er plassert ved hovudinngangen til Vestlandshuset. Her har kunstnaren blitt inspirert av både bylandskapet og dei geologiske prosessane som har skapt Vestlandet. Anna inspirasjon er henta frå gruvedrift, kraft og dei naturgitte forholda som er grunnlaget for metallindustrien.

Alt dette samsvarer med den overordna ideen i kunstprosjektet. Kunstutvalet ønskte seg kunst som tek opp i seg noko særmerkt for regionen, som landskap, kultur, konstruksjonsmåtar, mønster og materiale.

Kunstverket Landskap montert på veggen i inngangspartiet i Vestlandshuset.
Kunstverket Landskap prydar inngangspartiet på Vestlandshuset. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Røter i taket

I femte etasje, utanfor Vestlandssalen, finn vi kunstverket Røttene av Izabela Zolcinska. Arbeidet illuderer røter frå primula eller andre vekstar, og dei veks ned gjennom himlingen i taket. Verket er sterkt visuelt, og røtene kan opplevast som sterke visuelle teikningar i rommet, men leier også tankane til naturlege fenomen og hjernekart.

foto av det raudoransje kunstverket røtter som heng i taket på Vestlandshuset
Kunstverket Røtter er plassert i femte etasje i Vestlandshuset, utanfor den store Vestlandssalen. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Sprekkande skydekke i hagen

Eit anna svært både bergensk og vestlandsk kunstverk er plassert i hagen utanfor Vestlandssalen. Verket har det sjølvforklarande namnet Sprekkande skydekke og er ei organisk skyform, noko som står i sterk kontrast til dei rette linjene i bygget elles. Skulpturen er både feminin og organisk, samstundes som han også framstår monumental i hagen.

foto av kunstverket Sprekkande skydekke i hagen på Vestlandshuset.
Sprekkande skydekke av Eva Hild er plassert i hagen på verandaen utanfor Vestlandssalen. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Jølster 2008

Kunstprosjektet for Vestlandshuset har kjøpt inn til saman fem verk, som er plasserte rundt i bygget. Det femte er ein serie på seks fotografi i stort format av fotograf Oddleiv Apneseth. Bilda er frå prosjektet hans Jølster 2008 og heng i møteromssenteret i 4. etasje. Jølster var ein tidlegare kommune i Sogn og Fjordane, som no er del av Sunnfjord kommune.

At motiva er frå ein kommune som ikkje lenger finst, i eit fylke som ikkje lenger finst, gjer det særleg interessant å vise bilda i Vestlandshuset.

Møteromssenteret i Vestlandshuset, med bord og stolar og store fotografi på veggane.
Seks store fotografi av Oddleiv Apneseth prydar veggane på møteromssenteret i Vestlandshuset. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Det blir opning av kunsten i Vestlandshuset ved fylkesvaraordførar Natalia Golis 2. juni. Kunstnarane som har levert kunst og andre frå kunstfeltet i fylket er inviterte til å delta.