Ein stor dag for næringstransport i Solund

For Eilundstunellane i Solund utgjer 10 cm auka takhøgd ein stor forskjell, og tiltaka vil ha store positive effektar for næringstransport og vil betre sikkerheita for alle yrkessjåførar i området.

Fresing av tunell i Solund
AUKA TAKHØGDA: For Eilundstunellane i Solund utgjer 10 cm ein stor forskjell for næringstransporten. Foto: John Martin Jacobsen/Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune står samla sett for 40 prosent av alle fylkesvegtunellar i heile landet, og arbeidet er no i gang med å auka høgda på fleire av dei.

I løpet av 23. og 24. august har NCC på vegner av Vestland fylkeskommune, både starta og ferdigstilt arbeidet med fresing av dekke og asfaltering av veg i to tunellar i Solund. Målet er å auke køyrehøgda i tunellane, noko som vil tillate meir fleksibilitet i val av køyretøy.

Etterlengta manøvreringsrom

Initiativet gir etterlengta manøvreringsrom og sikkerheit for transport av fisk og annan næringstransport i lokalsamfunnet.

Eg var i fjor haust på ein dagstur i Solund, og blei sjølv overraska over situasjonen med dei låge tunellane, der ordførar og næringsliv gav uttrykk for at dei låge tunellhøgdene var eit stort problem. Eg utfordra administrasjonen, som raskt kom opp med løysinga med føresetnad om at fylkestinget løyvde midlar. Dette var startskotet for fylkesvegsatsinga på 500 millionar kroner som fylkestinget vedtok i desember, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Eg er begeistra over vegadministrasjonen vår som tenkjer utanfor boksen og finn raske forbetringar på kvardagsvegane våre. Vi er no i gong med å auka høgda på 8 tunellar i ein jafs, legg han til.

Auker tunellhøgda frå 4,0 meter til 4,10 meter

76 fylkesvegtunellar i Vestland er laga for låge for dagens lastebilpark. Det ble gjennomført ein skanning av 15 av disse tunellane for å sjå på moglegheitene til å auke køyrehøgda. Føremålet med skanningane var å sjå om det var mogleg å utbetre tunellhøgda ved enkle og lite kostbare tiltak. Løysinga er fresing av asfalt og vegbunn, samt fjerning av fjellnabbar i tunneltaket.

Vi fekk etablert ein 3D-modell for dei aktuelle tunellane, og fekk rask oversikt over kva tunellar som det er mogleg å gjere enkle og effektive tiltak i, seier John Martin Jacobsen, seksjonsleiar for avdeling infrastruktur og veg, i Vestland fylkeskommune.

Tunellane som no skal utbetrast blei plukka ut i samråd med tunellmiljøet og transportbransjen. Vestland fylkeskommune arbeider med å auke køyrehøgda i åtte tunellar på fylkesvegnettet frå 4,0 meter til 4,10 meter. Dette gir transportørane moglegheita til å velje dei mest egna køyretøya til transporten.

Effektive og rimelege tiltak

Tiltaka som gjennomførast er både tidseffektive og kostnadseffektive løysingar som kan bøte på utfordringane til lastebilbransjen. Tradisjonelt har det å auke høgda i tunellar krevd omfattande sprengingsarbeid, noko som er dyrt og tar tid. Den noverande framgangsmåten med asfaltfresing og fjerning av fjellnabbar er både enkel og effektiv. Tiltaka er samla sett mindre omfattande, og gjer gode resultat for tunellane.

Utbetringa av dei utvalde tunellane i år har ein forventa kostnad på om lag 20 millionar kroner. Arbeidet vi gjer i dei to tunellane i Solund tek også berre to dagar, seier Askeland.