9,5 millionar til kulturbygg
Hovudutval for kultur, idrett og inkludering har fordelt spelemidlar til kulturbygg over heile fylket.
– Dette er viktige bygg i lokalsamfunna våre. Dei genererer aktivitet og er viktige for frivilligheita og for dei lokale kulturtilboda. Vi treng gode kulturarenaer og samlingsplassar overalt, og dei må vere oppgraderte til dagens standard. Det fortener alle dei frivillige som engasjerer seg for både kulturbygga og dei som brukar dei, seier Stian Davies, som leia sitt siste møte i hovudutval for kultur, idrett og inkludering før han tek til i vervet som fylkesvaraordførar.
Søkte om over 36 millionar
Tilskotet er del av spelemiddeloverskotet til Norsk Tipping frå 2022. Berre Oslo og Viken fekk meir enn Vestland fylkeskommune til tilskot til kulturbygg i år.
Det kom inn til saman 60 søknadar om tilskot til kulturbygg. Sju av søknadane stetta ikkje krava i utlysinga og vart ikkje godkjende. Dei 53 godkjende søknadane søkte om til saman 36,7 mill. kr. Fylkeskommunen hadde 9,5 mill. kr til rådvelde.
– Vi har fått meir pengar i år enn tidlegare, men er framleis langt unna behovet for tilskot til kulturbygg. Det er eit stort etterslep, og eg er uroa over underfinansieringa. Regjeringa og Stortinget må halde fram og auke dette tilskotet i åra framover, slik at vi har pengar nok til å ta vare på og modernisere alle dei flotte og viktige kulturbygga. Eg er redd for lite pengar kan svekke både lokal frivilligheit og kulturlivet, seier Davies.
Desse får spelemidlar til kulturbygg (kommune i parentes)
- Alversund skule og Alverhallen (Alver): 750 000 kr
- Askvoll samfunnshus (Askvoll): 295 000 kr
- Follese kultursenter (Askøy): 600 000 kr
- Selbjørn skule og fleirbruksanlegg (Austevoll): 750 000 kr
- Fridtjof Sundts kjeglebane og musikkhall (Bjørnafjorden): 256 000 kr
- Eikelandsfjorden samfunnshus (Bjørnafjorden): 424 000 kr
- Dale ungdomsslag (Fjaler): 973 000 kr
- Høyanger samfunnshus (Høyanger): 750 000 kr
- Reksta ungdomslag (Kinn): 102 000
- Stavøy grendalag (Kinn): 400 000 kr
- Folkets hus (Kvam): 320 000 kr
- Gjesthalla ungdomshus (Sunnfjord): 327 000 kr
- Vårvon ungdomslag (Sunnfjord): 384 000 kr
- Sentralbadet litteraturhus (Ullensvang): 600 000 kr
- Grendahuset Ljosheim (Vaksdal): 570 000 kr
- Sentralbadet scenekunsthus (Bergen): 2 000 000 kr
I saksframlegget kan du lese meir om kva tiltak kvar enkelt tilskotsmottakar får støtte til.