60 strekningar fylkesveg får nytt dekke
Asfalteringslista for Vestland i 2023 er klar, med eit styrka budsjett. Samstundes blir det jobba langsiktig for å stogge det store vedlikehaldsetterslepet.

Kontraktane for dekkelegging i 2023 vart lyste ut 27. februar. Dei er delt inn i tre område: Vestland nord, Bergen og kommunane rundt og Voss, Hardanger og Sunnhordland.
Ekstra innsats
Vestland vil bruke 132 millionar kroner på dekkelegging av fylkesveg i 2023, inkludert ei ekstraløyving på 33 millionar kroner. Vedlikehaldsetterslepet på vegdekke er stort, vi har størst del dårleg dekke på fylkesveg i landet.
– No får dei strekningane som har kritisk og størst behov for dekkelegging nytt dekke i 2023, seier Jannicke Bergesen Clarke, leiar i hovudutval for samferdsle.
– Det er tøft å prioritere då behovet er så stort, men med ekstra innsats og langsiktig arbeid jobbar vi for å stogge etterslepet.
Fylkestinget styrka innsatsen på vedlikehald av fylkesvegnettet med ei ekstraløyving på 500 millionar kroner fram mot 2026 i desember 2022, og ein del av dette går til dekkelegging i år.
Langsiktig kvalitetsheving
Fylkeskommunen vil også sjå på forsterking og utbetring av vegfundamentet før dekkelegging for å få lenger levetid på dekket. Fleire strekningar blir forsterka og utbetra før dekkelegging i 2023.
Dette gjev moglegheit for meir strategisk arbeid og å få meir for pengane. Dårleg bæreevne og drenering er det som øydelegg mest vegdekke, og behovet blir også større med klimaendringane.
Tilbodsfristen på dekkeleggingskontraktane er 30. mars 2023.