256 millionar til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv
Årets spelemidlar er fordelte.
Spelemidlane er del av overskotet til Norsk Tipping og går til både ordinære anlegg og nærmiljøanlegg, altså anlegg som legg til rette for eigenorganisert aktivitet nær der folk bur.
– Spelemidlane er heilt avgjerande for at vi får bygd anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Det er tilskot til alt frå turløyper og baderamper for rullestol til store anlegg som symjebasseng og idrettshallar. Men alle er like viktige. Anlegga bidreg kvart på sitt vis til betre folkehelse, meir fysisk aktivitet, gode idrettsopplevingar, trivsel, integrering og satsing i både topp- og breiddeidretten, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Åtte millionar meir enn i fjor
Vestland fylkeskommune fekk i år nesten 245 millionar kroner i spelemidlar frå Kultur- og likestillingsdepartementet. Det er nesten 8 millionar meir enn i fjor. Saman med 11,4 millionar i renter og inndregne midlar frå 2022, gir dette ein pott på 256 millionar, som hovudutval for kultur, idrett og inkludering fordelte i møtet 23. mai.
I år går den største løyvinga til Bergen kommune, som får vel 14 millionar til Tunesflaten Zinken Hopp idrettshall. Kinn kommune får 10 millionar til 25 meters symjebasseng i anlegget Havhesten, og Øygarden kommune får nesten 9,5 millionar til symjebasseng i Hjeltefjorden arena.
Når det gjeld nærmiljøanlegg får blant andre Stord kommune spelemidlar til fleire anlegg ved Nysæter ungdomsskule, og Stryn kommune får pengar til både tuftepark og kunstgrasbane ved Tonning skule.
Framleis lang ventetid
Vestland fylkeskommune fekk i år inn søknadar for vel 885 millionar kroner. Slik sett er den økonomiske ramma framleis låg sett i samanheng med søknadsmassen.
– Sjølv om vi får meir pengar, er det likevel krevjande å prioritere mellom mange gode føremål i fylket. Med årets tildeling reduserer vi ventetida noko, men søkjarane må framleis bu seg på at det er ventetid for dei fleste søknadane. Fylkeskommunen jobbar kontinuerleg med å få auka løyvingar frå departementet og med det få ned ventetida. Målet vårt er at kommunar, idrettslag og andre skal få bygd anlegga sine raskare, seier Davies.
Den gjennomsnittlege ventetida er no på 3,43 år. I 2019 var ventetida på 4,63 år.
Kven får årets spelemidlar?
Kven som får spelemidlar og kor mykje dei får, kan du lese i saksframlegget. Hovudutvalet vedtok forslaget som står i saka utan endringar.