– Våpenkappløp for å takle kunstig intelligens
– Kunstig intelligens kjem meir og meir. Det vil bli eit våpenkappløp for å takle bruken, seier Inga Strümke, forskar ved NTNU. 1600 lærarar i den vidaregåande skulen i Vestland har vore på konferanse om utfordringane med den nye teknologien.
Kunstig intelligens og verktøy som ChatGPT er på full veg inn i skulen. Elevar bruker dette i skulearbeidet. Dette opnar for fusk, som kan vere vanskeleg å takle. Lærarar i Vestland møtte på den største samlinga i Noreg om kunstig intelligens i skulen. Det skjedde i Grieghallen i Bergen 14. august. Dei fremste forskarane i landet deltok og gav innføring i problematikken rundt verktøyet.
Maskiner som tenker
Inga Strümke har forska på kunstig intelligens sidan 2018 og er forfattar av bestseljaren «Maskiner som tenker».
– Kunstig intelligens er komen for å bli. Den kjem til å skyte fart, før den eventuelt bremsar opp. Kunstig intelligens er både ein draum og ein trussel. Vi må bli litt klokare på maskinane. Problemet med ChatGPT er enormt fascinerande. Vi kan lage teknologi som er så kraftig at den skapar nye problem for oss. Vi må endre måten vi underviser på og korleis vi vurderer elevane. Vi kan bruke detektorar til å avsløre fusk. Men detektorar kjem ikkje til å berge oss. Dette blir eit våpenkappløp, så vi må finne ei anna løysing, seier forskaren.
Beundrar lærarane
Inga Strümke meiner ChatGPT kan bli som ein hjelpelærar for elevar i faget.
– Men vi må forstå det, for å kunne bruke det rett. Kritisk tenking og eit bevisst forhold til sanning blir meir og meir viktig. Vi kan ikkje slåst mot teknologien. Eg beundrar lærarane for det finst inga retningslinjer. Vi må få meir koordinering og meir samarbeid. Eg skulle ønske vi hadde meir politisk leiarskap, seier Inga Strümke.
Paradigmeskifte
Morten Goodwin, professor ved Universitet i Agder kallar den nye teknologien for eit paradigmeskifte.
– Vi må skjønne kva vi bruker teknologien til. Vi må vite når vi har kontroll og når vi ikkje har kontroll. Eg tilrår alle elevane mine å bruke ChatGPT. Det er ein utfordring for eleven å skrive eksamen. Men når vi skal evaluere, blir forskjellen at vi har ein munnleg del i tillegg til den skriftlege.
Goodwin meiner det er både fordelar og ulemper med teknologien
– Elevane ble løfta opp av ChatGPT. Men det er og ein teknologi som kan få eleven til å jukse. Det er dumt. Men vi har verktøy som kan sjekke om det er juks. Eleven skal lære å bruke ChatGPT, men det er dårleg på å skilje mellom relevant og ikkje relevant informasjon. Elevane må forstå kva ChatGPT kan brukast til og dei svake sidene med det, seier professor Morten Goodwin.
Leksehjelp
Magnus Nohr, førstelektor ved Høgskolen i Østfold, ser fordelar både for eleven og lærarane.
– Vi kan bruke kunstig intelligens til leksehjelp, til å skape tekstar, ord og utrykk. Den er god til å oppsummere pensum. Elevane kjem raskare vidare. Dei kan finne tekstar på internett som er vanskeleg å forstå og bruke språkmodellar i kunstig intelligens til å forstå den. Ein språkmodell kan tilpasse ein tekst til det nivået eleven er på. Lærarane kan bruke kunstig intelligens til å lage gode oppgåver, tilpasse oppgåvene til elevane og til å gje gode tilbakemeldingar. På denne måten kan dei spare mykje tid.
Skal vere trenar for eleven
Men Magnus Nohr ser også problemet med fusk.
– For å redusere juks, kan vi gi oppgåver som krev analyse, kritisk tenking og kreativitet. Vi skal ikkje lenger vere ute etter å ta eleven i fusk. Vi skal heller vere trenaren deira og stille meir utfordrande spørsmål og ikkje berre spørje etter fakta. Vi må ha eksamen der eleven reflekterer rundt temaet utan manus. Kjeldekritikk og kritisk refleksjon er viktig når vi brukar kunstig intelligens, seier Magnus Nohr.
Bekymra for utfordringane
Pinar Heggernes er professor i informatikk og prorektor ved Universitetet i Bergen. Ho har ei sentral rolle i koordinering av UiB sin innsats innan kunstig intelligens og UiB sitt samarbeid med skulesektoren.
– Interessa for kunstig intelligens har auka mykje hos dei fleste, og vi er bekymra for kva slags utfordringar det bring med seg. Kunstig intelligens bygger på veldig avanserte statistiske verktøy, og kan trekke konklusjonar ut av enorme datamengder. Men det er store feilmarginar, og vi kan få feile svar. Vi må forstå desse utfordringane. Kunstig intelligens skil ikkje så lett mellom science og science fiction, seier professor Pinar Heggernes.
I bruk overalt
Fylkesordførar Jon Askeland seier kunstig intelligens vil påverke alle samfunnssektorar.
– Kunstig intelligens er alt i bruk i næringslivet, og veksten vil vere enorm. Kunstig intelligens må også inn i skuleverket. Alle må ha ein grunnleggande forståing for kva dette er. Å fornekte kunstig intelligens er som å seie at internett var eit blaff tidleg på 90 talet.
Askeland understrekar at kunstig intelligens ikkje skal erstatte menneske, men vere eit supplement.
– Vi ser korleis det raskt påverkar livet vårt. Det kan levere tekstar som kan gje toppkarakterar. Det er utfordringa. Vi skal ta det på ramme alvor. Vi skal innføre kunstig intelligens i skulen på ein god måte, og vi må bruke den kritisk, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Startskot
Avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse, Bjørn Lyngedal, seier at konferansen er startskotet for å jobbe med kunstig intelligens i skulen.
– Vi ser utfordringa. Vi må omstille oss i skulen. Vi må finne ut kva vi skal gjere med juks. I dag har elevane dette verktøyet heime. Vi kan ikkje forby dette i skulen. Vi kan ikkje ein gong oppdage om dei brukar det. Vi må finne andre måtar å jobbe på, andre måtar å undervise på. Behovet for koordinering og kunnskap er stort. Vi kan ikkje i dag gi svar på korleis vi kan gi gode vurderingar av elevane. Dette skal vi jobbe med framover. Vi må samarbeide om å finne ein veg vidare. Vi må starte arbeidet for korleis vi skal handtere kvardagen i skulen. Ingen har svaret i dag, men om alle hjelper til, skal vi kome vidare. Og når vi har funne gode verktøy, skal vi sette dei i drift.
– Saman skal vi greie dette
Bjørn Lyngedal vil ha kunstig intelligens som tema i alt utviklingsarbeid framover.
– Vi skal ha eigne kurs for skuleleiarar. Vi skal lage webinarar som alle kan bruke. Vi skal samarbeide med Universitetet i Bergen. Saman skal vi få dette til. Saman skal vi gå denne vegen. Kravet mitt til skulane er at dette skal vi gjere vårt beste for å få kontroll over, seier avdelingsdirektør Bjørn Lyngedal i Vestland fylkeskommune.