– No sikrar vi lading ved sjukehus og for el-lastebilar
Vestland fylkeskommune gir til saman 25 millionar til å bygge ut ladeinfrastruktur i Vestland.
Gudvangen, Trengereid, Sandane, Lønningsflaten og Dale er blant stadane som no får ladestolpar for tungtransport, mens Haukeland universitetssjukehus og sjukehusa i Førde, Lærdal og på Nordfjordeid kan bygge nye lynladarar. Nokre av desse vil vere for taxiar.
Hovudutval for næring deler ut midlar frå tre ulike utlysingar. Dei handlar om å bygge ut ladetilbod ved sjukeshus, lading av større køyretøy og om utbygging av ladeinfrastruktur generelt i Vestland.
– No sikrar vi lading ved sjukehus og for el-lastebilar. Behovet for denne type ladetilbod er stort dersom vi skal få til elektrifisering av tungtransport og pasienttransport på ein god måte, seier Tor André Ljosland, leiar for hovututval for næring.
Stadig fleire el-lastebilar
Dei siste åra har salet av elektriske lastebilar auka og det kjem stadig nye modellar på marknaden, med lenger rekkevidde og moglegheit for rask lading.
– Det har lenge vore eit ønske om å bygge ein grunnleggande infrastruktur for større køyretøy. Lastebilar har særskilte behov til høg ladeeffekt og god plass. Det er derfor naudsynt med ei eiga satsing på dette. No får vi fem nye ladeplassar i fylket som skal vere særskilt tilrettelagt for større køyretøy, slik som lastebilar og bussar, seier Ljosland.
Til saman utgjer dette ein grunnleggande offentleg tilgjengeleg ladeinfrastruktur for lastebilar. Målet er at det skal vere enkelt å nytte elektriske lastebilar til både lokal distribusjon og til langtransport.
Legg til rette for pasienttransport
Frå 2024 vil det bli innført nullutsleppskrav for drosjekøyring i tidlegare Hordaland, etterfølgd av tidlegare Sogn og Fjordane frå 2026. I samband med det, er det naudsynt å legge til rette for lading for taxiar som driv pasienttransport. Det er særskilt dei større taxiane som vil ha behov for lading ved sjukehusa.
I tillegg til dette er det løyva midlar til å styrke ladenettverket i Vestland. Dette inneber seks prosjekt på ulike stader i fylket. Østerbø fjellstove på fjellovergangen Rv50 Aurland-Hol er ein av desse. Tesla er operatør i dette prosjektet. Dette er ei etterlengta moglegheit for reisande på denne strekninga. Det er i dag langt mellom eksisterande ladeplassar, så utbygginga vil gjere særleg vinterferdsel tryggare på denne vegen.
Desse får midlar
Utlysing: Generell utlysing til utbygging av ladetilbod i Vestland
Lokalitet | Sum tilskot | Tal ladeuttak | Operatør |
Østerbø fjellstove | 940 000 kr | 8 stk 250 kw | Tesla |
Jølstraholmen | 1 800 000 kr | 4 stk 200 kw | Eviny |
Hafslo | 1 390 000 kr | 10 stk 150 kw | Norteck |
Måløy, ved brua | 2 135 000 kr | 3 stk 200 kw 1 stk 360 kw |
Eviny |
Sogndal Coop | 630 000 kr | 1 stk 360 kw | Eviny |
Oppedal | 420 000 kr | 1 stk 200 kw | Eviny |
Sum: 7 315 000 kr
Utlysing: Lynlading ved sjukehus
Haukeland universitets-sjukehus | 500 000 kr | 6 stk 150 kw | Kople |
Førde sentralsjukehus | 2 730 000 kr | 2 stk 250 kw 2 stk 400 kw |
Eviny |
Nordfjord sjukehus | 2 200 000 kr | 3 stk 200 kw | Eviny |
Lærdal sjukehus | 2 040 000 kr | 1 stk 250 kw 1 stk 360 kw |
Eviny |
Sum: 7 470 000 kr
Utlysing: Lading for større køyretøy
Gudvangen | 1 850 000 kr | 2 stk 400 kw 2 stk 200 kw |
Eviny |
Trengereid | 900 000 kr | 1 stk 200 kw 1 tk 360 kw |
Eviny |
BIR Lønningen | 4 690 000 kr | 4 stk 400 kw 2 stk 500 kw |
Eviny |
Sandane | 1 675 000 kr | 1 stk 200 kw 2 stk 400 kw |
Eviny |
Dale - Kamillas kro | 1 775 000 kr | 1 sk 500 kw 2 stk 200 kw |
Eviny |
Sum: 10 890 000 kr
Totalsum: 25 675 000 kr