Yrkesfag er mest populært
Det er i alt 20 296 registrerte søkarar med ungdomsrett til dei vidaregåande skulane i Vestland fylkeskommune. Det er ein liten auke frå i fjor, då søkartalet var 20 233. Saka er oppdatert med søkjartal per skule og samla oversikt for vg1.
Søknadsfristen til vidaregåande opplæring gjekk ut 1. mars. No presenterer avdelingsdirektøren for opplæring og kompetanse tala som syner dei første ønska til søkarane.
Det ligg samla søkartal for alle utdanningsprogram på vg1 og søkartal for kvar skule til høgre på sida her.
Yrkesfag populært i heile fylket
56 prosent av ungdomane som søkte skuleplass har i år yrkesfagleg studieretning som sitt primærønske. Dette er ei auke på 1,7 prosent frå i fjor. I inntaksområdet kring Bergen har 48,7 prosent av ungdomane yrkesfag som primærønske
Auke for teknologi og industri
Dei yrkesfaglege utdanningsprogramma som opplever mest auka popularitet er teknologi og industrifag, elektro og datateknologi, naturbruk, restaurant- og matfag og sal, service og reiseliv.
Bygg- og anleggsteknikk og helse og oppvekstfag er mindre populært i år enn det var i fjor.
For dei studieførebuande utdanningsprogramma viser søkartala at studiespesialisering og idrettsfag er mindre populært i år, medan fleire søker seg til medium og kommunikasjon og til musikk, dans og drama.
Liten nedgang for opplæring i bedrift
2102 søkarar med ungdomsrett har søkt opplæring i bedrift. Det er ein nedgang frå i fjor, då søkartalet var 2183.
Nedgangen kan skuldast at mange vel å ta påbygg til generell studiekompetanse i staden for å gå i lære, og fordi mange allereie kan ha fått seg læreplass.
Vidare tidsplan for inntak til vidaregåande skule for skuleåret 2022/23:
8. juli: første inntak
15. juli: svarfrist første inntak
22. juli: andre inntak
29. juli: svarfrist andre inntak
9. august: tredje inntak