Vestland skal vere ein ansvarleg pådrivar for nullutsleppssamfunnet

Det er hovudmålet i regional plan for klima 2022–2035, den første klimaplanen for Vestland fylke.

dronefoto som syner Stryneelva som buktar seg nedover dalen. Elva er blågrøn, medan markene og skogen rundt er grøn.
FRÅ ORD TIL HANDLING: Regional plan for klima 2022–2035 skal hjelpe heile vestlandssamfunnet å gå frå ord til klimahandling. Eit stikkord er å sjå heilskapen i klimaomstillinga, både å redusere klimautslepp og å ta vare på naturmangfald. Bildet av Stryneelva som buktar seg nedover prydar framsida på planen. (Foto: Ruben Soltvedt)

– Ambisjonen er at Vestland skal vise vegen vidare mot det gode, berekraftige og trygge nullutsleppssamfunnet. Skal vi lukkast med det, må vi inkludere klimaarbeidet i alt vi gjer. Vestland skal inkludere, inspirere og mobilisere heile vestlandssamfunnet til klimainnsats, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Fylkestinget vedtok klimaplanen 15. desember.

Må sjå heilskapen i klimaomstillinga

Målet om netto nullutslepp innan 2030 vart vedteke alt i utviklingsplanen for Vestland hausten 2020. Å redusere klimagassutslepp er eitt av tre kritiske oppdrag klimaplanen skal løyse. Dei to andre er å tilpasse oss eit klima i endring og å sikre naturmangfaldet vårt. Klimaplanen ser såleis klimakrisa og naturkrisa i samanheng.

– Løysingane vi kjem opp med framover vil bidra til å løyse begge krisene. Vi må sjå heilskapen i klimaomstillinga, på korleis vi kan skape berekraftig og klimavenleg utvikling i heile regionen. Då kan vi ikkje ha berre «klimabrillene» på, seier Askeland.

Planen slår også fast at vi må løyse både natur- og klimakrisa på sosialt berekraftige måtar, slik at det ikkje gir negative eller urettferdige konsekvensar for innbyggjarane, verken i dag eller i framtida.

Store utslepp gir store moglegheiter

Vestland er den regionen i Noreg i dag som har høgast klimagassutslepp, men det er ein situasjon som også gir store moglegheiter, meiner fylkesordføraren.

– Høge utslepp krev høge ambisjonar om kor mykje vi skal kutte. Der det er utslepp er det moglegheiter. Vi har allereie vist handling på mange område, ikkje minst ser næringslivsverksemder i Vestland fylke moglegheiter for verdiskaping og sysselsetting i det grøne skiftet. Denne planen tek oss eit steg vidare, seier han.

Ei berekraftig klimaomstilling krev eit godt samarbeid mellom offentlege og private aktørar, mellom fylket, kommunane og verksemdene i regionen. Regional plan for klima er difor ikkje ein plan for fylkeskommunen, men for heile fylket. Han skal hjelpe alle å gå i same retning, på vegen mot eit godt nullutsleppssamfunn.

Eige prosjekt for ungdomsmedverknad

I og med at planen gjeld for heile fylket, har medverknad frå ulike grupper vore essensielt for å lage ein god og relevant plan for alle. Ungdom og kommunar har vore prioriterte grupper i medverknadsprosessen, og det har vore eit eige prosjekt for ungdomsmedverknad.

– Vestland har den grøne leiartrøya på. Vi set retning og lagar planverket for korleis vi skal gjere det. Og ekstra viktig er det at vi høyrer på dei som skal vere her lengst, ungdomane våre. Vi har no fått ein god plan i hende. Saman skal vi gjere Vestland til ein god plass å bu og arbeide, i dag og i framtida, seier fylkesordføraren.

Planen blir lagt ut på nettsida til fylkeskommunen så snart han er endeleg ferdigstilt.