Vestland fylkeskommune føreslår å frede klyngetunet Otternes
Fredingsforslaget er sendt på høyring, og fristen for å kome med innspel og merknadar er 16. januar 2023.
Otternes er eit klyngetun som ligg mellom Aurland og Flåm i Aurland kommune. Fredingsforslaget omfattar alle bygningane på tunet, eit grøntområde rundt bygningane og eit område rundt sjølve tunet.
Typisk vestlandsk klyngjetun
– Med fredinga ønskjer vi å ta vare på Otternes som eit kulturhistorisk og bygningshistorisk viktig døme på klyngjetuna på Vestlandet. Fredinga skal sikre både enkeltbygningar, den innbyrdes samanhengen mellom bygningane og kulturhistoriske verdiar knytt til heile anlegget, seier Per Morten Ekerhovd, avdelingsdirektør for kultur og folkehelse i fylkeskommunen.
Eit klyngjetun er ei tettbygd samling av gardsbruk, der fleire bruk hadde samla bygningane på eitt felles tun. Andre døme på freda klyngjetun i Vestland er Aga i Hardanger og Havrå på Osterøy.
Kva skjer vidare?
Fredingsforslaget er no ute til høyring fram til 16. januar. Fylkeskommunen oppsummerer og kommenterer så innkomne merknadar, før saka blir sendt til Aurland kommune for behandling i kommunestyret. Deretter formar fylkeskommunen eit endeleg fredingsforslag og sender Riksantikvaren.
Det er Riksantikvaren som til slutt avgjer om Otternes skal fredast eller ikkje.