Vedtok regional plan for vassforvaltning

Korleis skal vi sikre at vatnet i Vestland har god miljøtilstand? Fylkestinget har vedtatt regional plan for vassforvaltning for Vestland vassregion. Den viser veg for dei neste åra.

Fisk på kroken.
GOD MILJØTILSTAND: Den regionale planen for vassforvaltning skal sikre at vatnet i Vestland har god miljøtilstand i åra som kjem. Illustrasjonsfoto: Sveinung Klyve, Vestland fylkeskommune.

– Planen er eit viktig verktøy for å oppfylle målet om heilskapleg vern og berekraftig bruk av vassmiljøet og vassressursane våre. God vasskvalitet og god bruk av vatnet er ikkje noko vi kan ta for gitt, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Han legg til at planen bidreg til ei meir samordna og heilskapleg vassforvaltning. I arbeidet med planen har mange ulike avgjerdstakarar og interessentar samarbeid om eit felles kunnskapsgrunnlag, fastsetting av miljømål og tiltak på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Parallelle planprosessar

I Norge er det til saman ni vassregionar. Parallelt med planen for Vestland vassregion er det også utarbeidd regionale planar for dei andre vassregionane. Målet er å sikre god miljøtilstand i alt vatn i Norge. Vestland vassregion er delt opp i ni vassområde. Kommunane har delteke i planarbeidet for sine område. Fylkesting føreset at staten, kommunane og fylkeskommunane legg vassforvaltningsplanen til grunn for det vidare arbeidet med vassforvaltning.

Set miljømål

Den nye vassforvaltningsplanen bygger på vassdirektivet til EU som vert gjennomført i heile Europa. Planen set miljømål for alt vatn, både elvar, innsjøar, kystvann og grunnvatn, i tråd med den nasjonale vassforskrifta. Desse miljømåla skal sikre heilskapleg vern og berekraftig bruk av vatnet og er beskrive som miljøtilstanden som skal verte nådd i planperioden 2022–2027. Planen viser korleis miljøtilstanden er i dag, og viser kva for tiltak som er nødvendig for å førebygge, forbetre eller rette opp att tilstanden der det er nødvendig.


Må nå måla innan 2033

Den nasjonale vassforskrifta set krav om at vi vernar heilskapleg om vassmiljøet og har ein berekraftig bruk vatnet ved å sette miljømål for vassførekomstane. Siste frist for å nå miljømåla for vassførekomstane er i 2033. Planen for Vestland vassregion 2022–2027 bygger på vassforvaltningsplanane for 2016–2021 for vassregionane Hordaland og Sogn og Fjordane, som no er slått saman.

Tiltaksprogram og handlingsplan

Til den regionale vassforvaltningsplanen er det også utarbeidd eit tiltaksprogram og eit handlingsprogram. Mens planen set miljømål for vassførekomstane, skal tiltaksprogrammet skissere tiltak for å nå desse måla. Handlingsprogrammet skal koordinere prosessen som leier fram til å nå miljømåla.

Kraftbehov

Vestland fylke har som mål å vera i front i det grøne skiftet. I samband med dette er det behov for meir grøn energi. Prosjektet Grøn region Vestland estimerer 24 000 nye arbeidsplassar, der 83 prosent av dei er energikrevjande. Basert på dette behovet ber fylkestinget staten gjere ei vurdering av både mål, tiltak og handlingsprogrammet for den nye vassforvaltningsplanen.

Gangen vidare - godkjenning av planen

Vassforvaltningsplanen skal etter vedtak i fylkestinget godkjennast av Klima- og miljødepartementet i samråd med Olje- og energidepartementet og andre departement. Miljømåla til planen har stor betydning for nasjonale interesser som for eksempel vasskraftproduksjon og matproduksjon. Planen er ei oppfølging av pliktene Noreg har til EU etter vassdirektivet.

Departementa kan i samband med godkjenning av planane gjere endringar i den vedtekne planen i fylkestinga, utifrå omsyn til rikspolitiske interesser.

Vedtok også planar for andre vassregionar

Grensene for vassregionane følgjer vassdragsgrensene og ikkje fylkesgrensene. Vassregionen består i hovudsak av Vestland fylke, men også mindre areal i nabofylka, Møre og Romsdal, Innlandet, Viken og Rogaland inngår i vassregionen. Også Vestland fylke har små areal som ligg innanfor andre vassregionar. Dette gjer at fylkestinget i Vestland i tillegg til sin eigen regionale vassforvaltningsplan, også har vedtatt planar for vassregionane Rogaland, Vestfold og Telemark, Innlandet og Viken og Møre og Romsdal 2022-2027. For meir informasjon , sjå saksframlegget.

Når planen er ferdig godkjent frå departementet, legg vi den ut på våre nettsider om vassforvaltning.

Du kan også lese meir om saka og vedtaket i saksframlegget og møteboka til fylkestinget, sjå sak PS 3/2022.,