Tryggare vegar og halvert klimagassutslepp med nye veglys
Fylkeskommunen tek over ansvaret for alle veglys langs fylkesveg i Vestland. Både straumutgifter og klimagassutslepp knytt til dette vil bli halvert i åra framover.
Fylkestinget i Vestland vedtok 29. september «Ny strategi for veglys», ein strategi for drift, vedlikehald, forvaltning og eigarskap av lysanlegg for fylkesveg.
– Her ryddar vi opp i standardar og eigarforhold. I tillegg vil trafikktryggleiken auke med meir heilskapleg drift, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Store drifts- og miljøvinstar
Mange ulike eigarar av veglysanlegga i fylket har ført til store skilnadar i standardar og vedlikehald av lys for trafikantane. Med den nye strategien for veglys tek fylkeskommunen over eigarskap og driftsansvar for lysa langs fylkesveg.
– Vi vil også oppgradere for framtida. Med denne strategien vil årlege klimagassutslepp bli redusert med om lag 4000 tonn CO2, som utgjer godt over ei halvering av utsleppa knytt til veglys per i dag.
Overtakinga vil skje over dei neste fem åra. Først ut er Bergen og Øygarden, Askøy, Alver, Austrheim, Fedje og Vaksdal kommunar i januar 2023. I dag er det kommunane, Veilys AS og fylkeskommunen gjennom ulike elektrokontraktar som eig og driftar veglysanlegga.
Nyare teknologi
Fylkeskommunen vil oppgradere alle lysanlegga med LED-teknologi i ein 10-års periode fram til 2032. I dag er berre 15 prosent av veglysa LED-lys, resten er både natrium-, metallhalogen- og kvikksølvarmaturar, der sistnemnte blir ulovlege å fornye. Oppgraderinga vil føre til 67 prosent lågare energiforbruk, og langt meir effektiv drift og vedlikehald. Lyspærer må skiftast kvart fjerde år, medan LED-lys har lenger levetid og færre feil. Investeringa blir på om lag 200 millionar kroner, med ei estimert årleg innsparing på 27 millionar kroner.
Omsyn til lysforureining og sjenerande blending
Og det blir fleire tiltak for å spare miljøet. Mellom anna kan lysa dimmast om natta, og fylkeskommunen vil vurdere å avvikle lampepunkt som ikkje bidreg til auka trafikktryggleik. Det skal vurderast å investere i solcelleanlegg med batteritilknyting og fotoceller på egna vegstrekningar og i tunnelar. Ved bygging av nye veglys skal miljøet vektleggast, ikkje berre med tanke på energiforbruk. Det skal takast omsyn til lysforureining og sjenerande blending.
– Dette er vinn-vinn både for trafikantane og miljøet. Vi satsar for ei grønare framtid, seier Askeland.