Styrkar reiselivsnæringa med meir Nasjonal turistveg i Hardanger

Fylkesvegen mellom Odda og Utne er blant dei som no får status som Nasjonal turistveg. Fylkesutvalet vil også at Fossen Bratte skal komme inn under ordninga for å styrke reiselivsnæringa.

Kart over Hardanger
TURISTVEG: Fylkeskommunen støttar forslaget om 76 nye kilometer med Nasjonal turistveg i Hardanger, og ber om at strekninga fv. 49 Steindalsfossen-Fossen Bratte i Samnanger også blir innlemma i Nasjonale turistvegar Hardanger.

Fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune vedtok 20. september å støtte Statens vegvesen sitt framlegg om utviding av Nasjonale turistvegar i Hardanger, samt å vurdere utviding av området til Fossen Bratte.

Styrke reiselivsnæringa

Hardanger blir ofte omtalt som eit einaste stort postkort, der reisande kan sjå fjell og fjord, fossar og fenner som perler på ei snor. No blir også fv. 550 Utne-Odda Nasjonal turistveg, i lag med rv. 13 frå Kinsarvik til Granvin og Skjervsfossen ved Seim, til totalt 241 km. i Nasjonal turistveg Hardanger.

– Dei aktuelle strekningane har gode kvalitetar for opplevingar, her kan ein køyre rett gjennom blømande frukthagar. Statusen som Nasjonal turistveg kan bidra til å styrkje reiselivsnæringa i Hardanger, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Samanhengen i turistvegnettet blir no betre og lettare å forstå for turistane. Nye tiltak som skilting, informasjonstavler og eventuelle turistvegmøblar på gode stoppestadar blir kosta av Nasjonale turistvegar som ei statleg ordning.
Fylkeskommunen har ansvar for dagleg drift og vedlikehald av fylkesvegane, og må ta omsyn til statusen som Nasjonal turistveg i nye vegtiltak.

Vil ha med Fossen Bratte

Fylkeskommunen vil også at strekninga fv. 49 Steindalsfossen-Fossen Bratte skal vere med som Nasjonal turistveg. Fossen i Samnanger kommune blir kalla Brudesløret, og har 79 meter fritt fall rett ved fylkesvegen.

Området er også interessant historisk sett, det var harde kampar her i inngangen til andre verdskrig i april 1940. Eit moglegheitsstudie gjort av Samnanger kommune seier at området har eit stort potensiale som attraktivt turistmål.

Fylkesutvalet ber Nasjonale turistvegar vurdere å inkludere strekninga til Fossen Bratte i Nasjonal turistveg Hardanger.