Stor folkehelseundersøking skal gi svar på korleis vi eigentleg har det
20. april går startskotet for Folkehelseundersøkinga i Vestland 2022. Undersøkinga vil gje ny og unik lokalkunnskap om korleis innbyggjarane i Vestland har det etter to år med pandemi.
Undersøkinga er eit samarbeid mellom Folkehelseinstituttet og Vestland fylkeskommune, og varar til og med 8. mai. Spørsmåla handlar om helse, trivsel, livskvalitet og andre forhold som har betyding for folkehelsa. Om lag 160 00 deltakarane over 18 år blir trekte tilfeldig frå folkeregisteret, og får invitasjon via SMS og e-post. Resultata frå undersøkinga vil bli viktige verktøy i arbeidet med å skape gode lokalsamfunn og nærmiljø.
– Viktig etter to år med pandemi
Spørsmåla i undersøkinga er relevante både for folkehelsearbeidet og til å planlegge innan oppvekst, helse, velferd, kultur og mobilitet for fylkeskommunen og dei 43 kommunane sitt arbeid.
– Målet med undersøkinga er å få ny lokal kunnskap om korleis innbyggjarane i Vestland har det, slik at kommunane og fylket kan jobbe for å betre livskvalitet, trivsel og helse blant befolkninga. Etter to år med pandemi er det særleg viktig å få oversikt over korleis innbyggarane våre har det, seier fylkesdirektør Rune Haugsdal.
Spørsmåla i undersøkinga handlar om ulike forhold som har betydning for folkehelsa. Dette er tema som det blir spurd om:
- nærmiljøet og kommunen
- helse og helserelaterte levevanar
- sosial støtte og livskvalitet
- skadar og fysisk miljø
- transportvanar
- demografiske opplysningar
Sist det vart gjennomført folkehelseundersøking var i 2018 (Hordaland) og 2019 (Sogn og Fjordane).
– Det blir interessant å samanlikne denne undersøkinga med dei to førre. Vi er opptekne av korleis folk synes det er å bu i Vestland, tilhøyrsle til nærmiljøet, nærleik til tur og rekreasjonsområde, livskvalitet psykisk og fysisk helse, seier Haugsdal.
Vil nå ut til unge menn
Særleg er det viktig å få svar frå unge menn. For å nå ut til denne målgruppa har Vestland eit samarbeid også med Leo Ajkic som frontar kampanjen i sosiale medier.
– Ut frå tidlegare undersøkingane har vi erfart at det er vanskelegare å nå ut til unge menn under 30 år. Dette er ein del av befolkninga som vi veit mindre om korleis har det i forhald til andre deler av befolkninga. Det er viktig for oss å få kunnskap om dei slik at vi kan ta vare på og tilrettelegge godt for heile befolkninga. Vi har engasjert Leo Ajkic til å profilere undersøkinga i våre sosiale medier. Han har stor appell til alle, og spesielt hos yngre menn, seier fylkesdirektøren.