Solidarisk prinsipp for inndekking av meirutgifter til Bybanen

– Her følgjer vi eit solidarisk prinsipp som alt låg til grunn, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkesutvalet tilrår korleis meirutgiftene ved bygging av Bybanen til Fyllingsdalen skal dekkast inn.

Bybanen
SNART OPNING: Bybanevogn 217 fotografert på Fyllingsdalen terminal 2. november. 21. november startar ordinær drift. Foto: Iver Daaland Åse/Bybanen utbygging

– Det inneber at partane i Miljøløftet er solidariske og skal dekke inn sin del av overskridinga. Det er semje mellom partane om ei slik fordeling, understrekar fylkesordføraren.

I haust vart det kjent at bygginga av Bybanen til Fyllingsdalen blir dyrare enn berekna. Mens alle andre delstrekningar under bygginga til Flesland vart levert på budsjett, vart utbygginga til Fyllingsdalen ein milliard kroner dyrare enn berekna.

Inndekking

Dermed ligg det an til slik inndekking:
1. Bergen kommune: 27 millionar kroner
2. Vestland fylkeskommune: 51 millionar kroner
3. Bybaneprosjektet: 700 millionar kroner
4. Statens vegvesen (sykkelveg): 233 millionar kroner

Dette skal sikre inndekking av totalt 1011 millionar kroner som er dei totale meirutgiftene for bygging av Bybanen til Fyllingsdalen.

Komme i mål

– Med slik inndekking skal vi komme i mål med prosjektet. Tilrådinga frå fylkesutvalet går til styringsgruppa i Miljøløftet som skal gjere endeleg vedtak. No gler vi oss til opninga av Bybanen seinare i november. Den blir eit løft for kollektivtrafikken mellom Fyllingsdalen, Haukeland og Bergen sentrum, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Dei 700 millionane, som skal dekkast inn gjennom Bybaneprosjektet, blir finansiert med 174 millionar kroner frå bompengeavtalen om betre kollektivtilbod i 2022. 267 millionar kroner er alt finansiert. Då gjenstår om lag 260 millionar kroner som skal inndekkast med auka bompengeuttak i 2023. Dette medfører likevel ikkje auka bompengebelastning for bilistane i 2023, men er eit uttak av bompengar for heile perioden Bypakke Bergen gjeld.

Vedtak 2. desember

Denne måten å finansiere meirutgiftene på, vil medføre at det vidare arbeidet med å bygge Bybanen frå Oasen til Spelhaugen blir sett på vent.
Styringsgruppa i Miljøløftet vart orientert om saka 27. oktober. 2. desember skal styringsgruppa ta endeleg stilling til inndekkinga.