Sluttar i fylkeskommunen

Avdelingsdirektør for mobilitet og kollektivtransport i Vestland fylkeskommune, Håkon Rasmussen, går ut av stillinga med verknad frå dags dato. Han vil stå til disposisjon for fylkeskommunen fram til 31. januar 2023.

foto av elektrisk ferje
SLUTTAR: – Med Håkon Rasmussen som avdelingsdirektør har fylkeskommunen gått i front for det grøne skiftet med bruk av ny, miljøvennleg teknologi på både bussar og ferjer, seier fylkesordførar Jon Askeland. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

– Etter fleire krevjande politiske saker og medieoppslag den siste tida, opplever eg ikkje lenger nødvendig tillit frå politisk side som avdelingsdirektør. Eg har difor bedt om avløysing i stillinga, seier Rasmussen.

Håkon Rasmussen leia samferdselsavdelinga i tidlegare Hordaland fylkeskommune frå 2013 til 2019. Då Vestland fylkeskommune vart etablert i 2020 gjekk han inn i stillinga som avdelingsdirektør for området mobilitet og kollektivtransport, m.a. med ansvar for kollektiveininga Skyss og prosjektorganisasjonen Bybanen utbygging.

– Med Håkon Rasmussen som avdelingsdirektør har fylkeskommunen gått i front for det grøne skiftet med bruk av ny, miljøvennleg teknologi på både bussar og ferjer. Han har vore ein pådrivar for utviklinga av eit godt og framtidsretta kollektivsystem i heile fylket og innføring av felles takstsoner, seier fylkesordførar Jon Askeland.

– Håkon har eit betydeleg engasjement for kollektivtransport og sterk planfagleg kompetanse som vi har hatt stor glede av. Eg vil takke Håkon for godt samarbeid og den betydelege innsatsen han har lagt ned gjennom snart 10 år i fylkeskommunen og ønskjer han alt godt vidare, seier fylkesdirektør Rune Haugsdal.

Eigedomsdirektør Jostein Fjærestad er konstituert i stillinga som avdelingsdirektør for mobilitet og kollektivtransport. Fjærestad har solid erfaring frå offentleg og privat verksemd og var m.a. prosjektdirektør for byggjetrinn 2 i Bybanen utbygging.