Skal utdanne fleire bussjåførar
Behovet for bussjåførar er stort. På Os vgs aukar dei no kapasiteten, slik at dei kan utdanne 12 nye bussjåførar i året.
– Vestland fylkeskommune har fått sjansen til å engasjere ein ekstra lærar på bussjåførutdanninga ved Os vidaregåande skule. Då kan vi utdanne 12 ekstra sjåførar per år, seier Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.
Trygg skuleskyss
Bussjåførutdanninga på Os vgs. er del av Vg3 yrkessjåfør. Dette er ei landslinje der elevar frå heile Noreg kan søke. Dei 12 plassane er forbehalde vaksne elevar. Dyktige bussjåførar er viktige for å sikre trygg skuleskyss i fylket. Samtidig er det å ha nok bussjåførar viktig i eit klimaperspektiv.
– Vi håpar at dette kan vere med å bidra til å løyse kapasitetsproblema i næringa, seier Torvanger og oppmodar alle som er interessert i å bli bussjåfør om å søke.
Vanskeleg å rekruttere
For behovet er stort. NHO Transport Vestland sine medlemsbedrifter opplever aukande problem med å rekruttere kvalifiserte bussjåførar. Dette gjeld både til heil- og deltidsstillingar, men også tilkallingsvikarar som bidrar til å drifte kollektivtilbudet året rundt. Med få geografiske unntak blir utfordringa opplevd som universell i bransjen. Samtidig er gjennomsnittsalderen for bussjåførar i dag høg, og store kull nærmer seg pensjonsalder. Det er dessutan få unge sjåførar på veg inn i bransjen og arbeidsledigheita i Norge er rekordlåg. Situasjonen gjer at NHO Transport, transportbransjen og fylkeskommunen må finne gode løysingar saman.
Glad for å møte behovet i næringa
– Signala frå næringa er sterke og vi er derfor svært glade for å kunne justere tilbodet vårt etter deira behov. Grunnen til at vi no kan auke kapasiteten er mellom anna at vi har to bussar som vi kan bruke i opplæringa, seier rektor Jan Kåre Greve på Os vgs.
Han legg til at skulen arrangerer fire nittenvekerskurs i året som no kan aukast frå 12 til 15 plassar. Dermed kan dei utdanne 12 nye bussjåførar i året. Den nye stillinga skal vere på plass i haust og kapasitetsauken på utdanninga vil vere klar frå nyttår 2023.