Skal etablere bussanlegg i Førde og Sogndal

– Bussanlegga er viktig infrastruktur, seier fylkesordførar Jon Askeland etter at fylkestinget har vedteke å etablere nye bussanlegg i Førde og Sogndal. Det er sett av 58 millionar kroner til kvart bussanlegg.

Rutebilstasjonen i Førde med buss.
SENTRALT: Fylkeskommunen skal bygge nye bussanlegg i Førde og Sogndal, men kollektivknutepunkta skal framleis vere sentralt plasserte. På biletet den noverande rutebilstasjonen i Førde. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Pengane skal gå til å kjøpe tomt og bygge anlegg som har plass til 25 bussar. I Førde er fylkeskommunen i forhandlingar om tomt på Bruland, mens i Sogndal er det forhandlingar om tomt på industriområdet på Kaupanger.

Moderne bussanlegg

– Det er viktig at vi har moderne bussanlegg å tilby operatørane. Vi legg til rette for brei utnytting av anlegget, slik at operatør også kan ha kommersiell drift der. Anlegga vil kome utanfor sentrum, men vi vil framleis ha kollektivterminalane i sentrum, seier fylkesordføraren.

Vestland fylkeskommune har alt fått hand om bussanlegg i Bergen og Nordhordland og har investert i nye anlegg på Stord og Bømlo. I områda Hardanger/Voss, Modalen/Vaksdal og heile tidlegare Sogn og Fjordane har operatør sjølv teke ansvar for bussanlegga. Eit bussanlegg omfattar parkeringsareal og lokale for vask, vedlikehald, rom for sjåførane, og kontor for dei andre tilsette.

Nullutslepp

– Eit moderne bussanlegg legg til rette for nullutslepp og redusert klimautslepp i busstrafikken. At fylkeskommunen står som eigar, vil legge til rette for god konkurranse om å drive bussrutene og gje like konkurransevilkår. Det vil også sikre gode fasilitetar for sjåførar og andre tilsette, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Med dette vedtaket i fylkestinget, kan dei to nye bussanlegga i Førde og Sogndal stå klare i 2025.