Set klimakrav om maksimalt CO2-utslepp i byggeprosjekt
Vestland fylkeskommune skal i framtidige byggeprosjekt formulere gradvis strengare krav til maksimalt utslepp av CO2-ekvivalentar. Det skal bidra til å nå målet i utviklingsplanen om nullutslepp i 2030.
I dag set fylkeskommunen konkrete miljø- og klimakrav i innkjøps- og anbodsprosessar ved store utbyggingar. Det er absolutte krav og gjeld i hovudsak krav om 90 prosent tre i berande konstruksjonar, utsleppsreduksjon på 40–60 prosent samanlikna med referansebygg og ein fossilfri byggeplass.
Meir handlefridom
– Vi ser at krava vi set i dag er for lite heilskaplege i tilnærminga, og det gjer at vi kan gå glipp av meir optimale og berekraftige løysingar. Med det nye kravet får vi noko meir handlefridom, og vi legg til rette for høgare grad av gjenbruk av eksisterande bygningsmasse og ombruk av materialar for nybygg, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Det er ikkje venta at det nye kravet vil gje mindre bruk av tre i framtidige bygg, men betre og meir heilskaplege val av miljøvenlege løysingar.
Strenge krav
Utviklingsplanen for Vestland 2020–24 slår fast at Vestland skal vere ein pådrivar for klimaomstilling og nullutslepp innan 2030. For å kunne nå dette målet, er det aktuelt med eit spenn på utsleppsnivåa som startar med 500–410 kg/m2 CO2-ekvivalentar i 2022 og ned mot 300–230 kg/m2 CO2-ekvivalentar i 2030.
– Dette er strenge krav, og dei er nødvendige for å nå måla våre. Vestland har teke den grøne leiartrøya i klimakappløpet, og den skal vi ikkje gje frå oss, seier fylkesordføraren.