Riksantikvaren freda Stranges Stiftelse i Bergen
Stranges Stiftelse var eit fattighus for kvinner på Nordnes i Bergen gjennom meir enn 350 år. I dag, 19. mai, har Riksantikvaren vedteke å frede bygningen.
– Stranges Stiftelse er eit monument over meir enn 350 år med norsk sosialhistorie. Her finn vi verdifulle spor etter ei samfunnsgruppe det er få kulturminne etter – kvinner utan inntekt, som her kunne få tilbod om ein bustad. Bygningen er i trygge hender hjå eigaren Fortidsminneforeningen, som tek vare på han og satsar på vern gjennom bruk, seier assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll.
Skeidsvoll deltok på markeringa av fredinga 19. mai. Der var det helsingar frå både Vestland fylkeskommune og Bergen kommune, i tillegg til blant anna eit kulturhistorisk blikk på Stranges Stiftelse ved fylkeskommunen.
Det er Vestland fylkeskommune som har utarbeidd fredingssaka og foreslått freding.
Kulturhistorisk og arkitektoniske viktig
– For fylkeskommunen er bygget kulturhistorisk og arkitektonisk verdifullt som eit svært godt bevart døme på ein tidleg sosial institusjon. Stiftinga er ein karakteristisk representant for fattighusa for «verdige trengande», eit viktig ledd i sosialomsorga i byane i tidleg moderne tid, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Stranges Stiftelse i Klostergaten 28 vart oppretta i 1609 og var i drift fram til 1972. Målet med fredinga er å ta vare på huset som døme på ein sosial institusjonsbygning frå 1700-talet. Fredinga omfattar hovudbygningen med uthusfløy, eksteriør og interiør.
Tilbod om bustad livet ut
Det var rådmann Strange Jørgensen som oppretta Stranges Stiftelse i 1609. Han fekk bygd eit trehus, som i starten husa tolv «fattige enker og gamle piker». Her kunne kvinner som ikkje hadde nokon til å forsørge seg, få tilbod om bustad livet ut. Dei fekk bustad, lys, brensel og ein liten, årleg pengesum.
På det meste budde det 30 kvinner i huset, to på kvart rom. I perioden frå 1914 til 1972 fungerte institusjonen som eldrebustad for kvinner. Det er i dag Fortidsminneforeningen som eig Stranges Stiftelse. Bygget blir brukt som forsamlings- og selskapslokale, til kontorlokale og kulturarrangement.
Hospitalarkitektur og freda portrett
Hovudrommet på Stranges Stiftelse er ein høglofta sal frå gavl til gavl. På langsidene ligg det 15 små sovekammer i to etasjar, der dei øvste har tilkomst frå galleriet. Planløysinga har røter i den europeiske hospitals- og fattighusarkitekturen, som oppstod etter reformasjonen i 1537.
Før reformasjonen var det kyrkja si oppgåve å ta hand om fattige, eldre og sjuke, som ikkje vart forsørga av familien. Etter reformasjonen tok lokale styresmakter og privatpersonar meir og meir over.
Dagens freding omfattar også to maleri frå midten av 1600-talet. Det er portretta av Karin Mauritzdatter og mannen hennar, borgarmeister Ove Jenssøn, som styrde stiftinga i lang tid. Begge er målte av Elias Figenschou.
Kulturminneforvaltning
Vestland fylkeskommune har på kulturminnefeltet blant anna ansvar for forvaltinga av kulturminne freda etter kulturminnelova. Viktige oppgåver er å ta vare på og formidle kulturarven i fylket, og fylkeskommunen har ei rekke tilskotsordningar for eigarar av kulturminne.
I tillegg har fylkeskommunen ansvar for rådgjeving om verna og verneverdige kulturminne i kommunane.