Reisande svært begeistra for ny bussterminal

– Det er kult å ta bussen og reise kollektivt. Dette er ei etterlengta fornying, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis. Den nye Fyllingsdalen terminal er opna. Den har rundt 1200 reisande i snitt i morgonrushet.

Buss som er parkert og mange reisande som går på gangvegen. Foto.
ETTERLENGTA: Den nye bussterminalen i Fyllingsdalen har rundt 1200 reisande i morgonrushet. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Den nye busstermalen ved Oasen er meir enn dobbelt så stor som den gamle og ligg like ved det nye bybanestoppet som opnar om knappe to månader. Den nye terminalen vart feira med utdeling av bollar og informasjon til alle reisande. Til stades var mellom anna byråd Thor Haakon Bakke, Skyssdirektør Målfrid Vik Sønstabø og fylkesvaraordføraren.

Kvinne og mann med handlenett utanfor buss. Foto.
– Fyllingsdalen kjem til å bli meir attraktiv som reisemål og vil få ny oppblomstring, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis som delte ut handlenett med noko godt opp til dei reisande saman med byråd Thor Haakon Bakke. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Urban utforming

– Dette er ein kjempestor dag for Fyllingsdalen. Tilbakemeldingane frå dei reisande er at dei er svært begeistra. Terminalen har urban arkitektur og utforming som bybanestoppa. Eg håpar at den skal gjere det lettare å reise saumlaust når Bybanen opnar. Då blir det hyppigare frekvens, lettare å kome til sentrum og på tvers til Haukeland, seier Golis.

To småe born sit i sykkelvogn med kvar sin bolle. Foto.
Dei minste i barnevogn fekk også bolle av fylkesvaraordførar Natalia Golis, mens dei ventar på bussen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Ny sykkeltunnel

Den nye terminalen hadde byggestart i mars i fjor.

– Ein slik terminal skal bidra til at folk ikkje berre reiser kollektivt, men skal bruke sykkel og gange for å kome hit. Mange gler seg til å sykle gjennom den nye sykkeltunnelen, seier fylkesvaraordføraren.

Kvinne utanfor buss med handlenett med slagordet til Skyss. Foto.
Byråd Thor Haakon Bakke delte ut handlenett med bollar til dei reisande. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Omlegging

I haust vil det bli ein omlegging av delar av kollektivtrafikken i Bergen som følgje av Bybanen til Fyllingsdalen og ny E39 sørover frå Sørås til Svegatjørn.

– Kanskje må nokon reisande bytte kollektivtransport, men vi opererer med stamlinjer som går oftare og gjer det lettare å bytte, seier fylkesvaraordføraren.

Kvinne viser fram slagordet til Skyss. Foto.
«Buss – buss, så får du ein suss» er det nye slagordet, ikkje til Skyss, bedyrer Skyss-direktør Målfrid Vik Sønstabø, men til Miljøløftet. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

65 millionar kroner

Den nye terminalen har kosta 65 millionar kroner og inngår i byggekostnaden for bybane til Fyllingsdalen. Bussterminalen har plass til åtte bussar, der fire av desse kan være leddbussar. Terminalen har også oppstillingsplass for bussar utanfor rute.

Kvinne med refleksvest i samtale med anna kvinne. Foto.
Ingrid Dreyer i Skyss orienterte dei reisande om den nye terminalen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Meir attraktiv som reisemål

I tillegg til ny bussterminal og bybane, blir det ein stor drosjehaldeplass rett ved, med plass til inntil 12 drosjer. Bergen kommune skal bygge kulturhus like ved terminalen, og Oasen handlesenter skal få fleire etasjar og ny fasade.

– Eg er veldig stolt over at vi er med og driv byutvikling og utviklar bydelen. Fyllingsdalen kjem til å bli meir attraktiv som reisemål og vil få ny oppblomstring, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis.

Parkert raud buss. Foto.
Like ved den nye terminalen blir det bybanestopp, drosjehaldeplass og kulturhus i tillegg til at Oasen skal få fleire etasjar og ny fasade. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune
Oppbevaringboksar til syklar. Foto.
20 skap til trygg oppbevaring av syklar er på plass ved den nye bussterminalen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune
Reisande utanfor buss. Foto.
Det er lett å kome til og frå den nye bussterminalen. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune