Over 100 personar samla til Noregs første hub-samling

– Vi veit at mange følger med på arbeidet vi gjer, både nasjonalt og internasjonalt. Eg er veldig glad for at så mange aktørar prioriterte å vere med på dette, seier Bård Sandal, avdelingsdirektør for innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylkeskommune.

Samling med deltakarar samla ved runde bord. Foto.
STOR INTERESSE: Det var godt oppmøte på Noregs første hub-samling. Foto: Ole Tommy Hanssen, Vestland fylkeskommune.

Fylkeskommunen og Innovasjon Noreg arrangerte torsdag og fredag samling for dei grøne hubane frå prosjektet Grøn region Vestland. Til stades var mellom anna representantar frå næringslivet, offentlege aktørar, etablerarar og andre interessentar, over hundre personar til saman.

Starten på gode samarbeid

– No har vi gjennomført landets første samling for grøne hubar, og det har vore eit fantastisk arrangement. Det var mange inspirerande og tankevekkande innlegg frå scena, men samhandlinga som skjer mellom deltakarane er like viktig.

Kva er ein hub?

Prosjektet Grøn region Vestland definerer ein hub som eit geografisk avgrensa område der tilhøva ligg særs godt til rette for miljøvenleg og berekraftig utvikling gjennom samarbeid på tvers av ulike aktørar og næringar. Grøn region Vestland har peika på 16 slike hubar rundt om i fylket.

– Er det ein ting som står sentralt i arbeidet med Grøn region Vestland så er det samarbeid på tvers av næringar og bransjar. Og då er første steg at folk møtast og snakkar med kvarandre. Eg håpar og trur at mange gode samarbeid kan ha fått sin første gnist på denne samlinga, seier Sandal.

Ulike føresetnadar

Grøn region Vestland legg ingen føringar for korleis hubane skal strukturerast og utviklast og dei forskjellige hubane har også ulike føresetnadar og utfordringar. Nokre har allereie etablert gode strukturar og rammer for vidare arbeid, medan andre er meir i startgropa. Målet med samlinga er å inspirerande deltakarane i det vidare arbeidet.

Viktige tilbakemeldingar

Sjølv om Grøn region Vestland har vore eit prosjekt i regi av offentlege aktørar, er det næringslivet sjølve som må stå for gjennomføringa av arbeidet.

– Eg får mange tilbakemeldingar på at folk ønsker hjelp til å navigere i verkemiddelapparatet. Derfor arbeider vi no med eit prosjekt – Ei dør inn, som skal fungere som ein inngangsport til alt verkemiddelapparatet har å by på. Her skal vi leie folk vidare til rette instansar og den hjelpa dei treng. Tilbakemeldingane frå denne samlinga er gull verdt i dette arbeidet, seier regiondirektør i Innovasjon Noreg Vestland, Nina Broch Mathisen.