Økonomisk godt år – deler ut til gode formål

– 2021 var eit godt økonomisk år for Vestland fylkeskommune, seier fylkesordførar Jon Askeland. Fylkestinget vedtok difor å bruke 260 millionar kroner til ein del ulike tiltak i fylket då årsrekneskapen vart behandla under tingsetet i Rosendal i dag.

Mobil og bok på skrivebord. Foto.
NYE LÆREMIDDEL: Fylkestinget gir 15 millionar kroner til fleire læremiddel for elevane i vidaregåande skule, blant anna innan nye læreplanar. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Årsrekneskapen for fylkeskommunen for fjoråret viste eit mindreforbruk på 350 millionar kroner.

– Vi har styrkt økonomien vår og har redusert gjelda. Ein del av desse pengane vil vi bruke til gode formål og støtte til organisasjonar. Vi vil gje fire millionar til å dekke auka kostnader til straum innan kultur og museum, 15 millionar ekstra til læremiddel i den vidaregåande skulen, og åtte millionar til vidare utbygging av breiband, seier fylkesordføraren. 

Tiltak som får støtte av fylkeskommunen:

  • Attraksjon Sunnhordland: 1 million kroner til drift 
  • Frivillegåret, aktivitetsmidlar, søkbar pott, idrettskrinsen: 5 millionar kroner 
  • Frivillegåret, søkbar pott, frivillegsektor: 3 millionar kroner 
  • Psykisk helse/ROS: 1 million kroner 
  • Kulturbygg/museum, straumstøtte: 4 millionar kroner 
  • Turistforeininga, bygg Bergen: 2 millionar kroner 
  • Bymuset, publikumsbygg: 10 millionar kroner 
  • Auka satsing breiband: 8 millionar kroner 
  • Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, klima og skredutstilling: 3 millionar kroner 
  • Vilvite Bergen, auka prosjektkostnader: 1,5 millionar kroner 

Ishall på Stord

Vidare stiller fylkestinget seg positiv til prosjektet med ishall på Stord. Fylkestinget syner til at hovudutval for kultur, idrett og integrering har bede om ei sak med utgreiing av ishallen som tema. Fylkestinget vil i samband med handsaminga av denne saka vurdera medfinansiering frå Vestland fylkeskommune si side. 

Fylkestinget er også oppteken av at prosjekt «Nye Sunnhordlandstunet» blir realisert. Fylkestinget vil prioritere dette prosjektet når kommunane, knytt til museet, har vedteke sin del av finansieringa. 

Lausdrift

Vidare har fylkestinget løyvt 10 millionar kroner til ombygging av fjøs til lausdrift. Midlane skal Innovasjon Norge fordele etter innstilling frå landbrukspartnarskapen.  

15 millionar til læremiddel

Tilskot læremiddel, opplæring: 15 millionar kroner 

Digitaliseringsarbeid: 15 millionar kroner 

Omstilling organisasjonsgjennomgang: 5 millionar kroner 

Til å redusere låneopptak skal fylkeskommune bruke 175 millionar kroner.

Etter dette gjenstår rundt 90 millionar kroner som blir overført til disposisjonsfond. 50 millionar kroner av dette er øyremerka «På veg mot nullutslepps-hurtigbåt 2030». 

Fylkestinget gav frå det same mindreforbruket to millionar kroner til humanitært arbeid i Ukraina i møtet i mars for umiddelbar utbetaling.