Ny og storslått kunst pregar den nye bybanen til Fyllingsdalen
Haldeplassane på Haukeland, Kristianborg og Fyllingsdalen terminal har fått nye, store kunstverk. I tillegg er det innvendig kunst i taket på dei nye bybanevognene, og ein komponist har laga nye lydsnuttar til haldeplassannonsering.

Bybanekunsten er som eit utandørsgalleri, og har vore eit viktig element heilt sidan bybanen byrja å køyre i 2010. Det er kunst som er allment tilgjengeleg og ope for alle, og med den nye bybanen til Fyllingsdalen er utandørsgalleriet betrakteleg utvida.
Del av byggjeprosjektet på Haukeland
Særleg synleg og tilgjengeleg er kunsten på stoppet på Haukeland. Kunsten har samletittelen Melkeveien og er som ein stjerneveg under jorda. Arbeidet er laga av kunstnar Inger Johanne Rasmussen og er sett saman av seks felt i golvet i tre ulike område: på plattforma, i gangtunnelen mot Haraldsplass og ved heisane mot Haukeland.
Bybanen Utbygging har teke helleproduksjon og hellelegging inn som del av byggeprosjektet. Det gjer kunsten til ein integrert del av heile haldeplassanlegget på Haukeland.

Kunst for dei som ikkje oppsøkjer kunst
– Bybanen er eit langsiktig utviklingsprosjekt, og det er viktig at kunsten kjem både noverande og framtidige innbyggjarar til gode. Kunst i offentlege rom, som bybanen og stoppestadane i høgste grad er, er der for alle. Det er kunst for dei som ikkje aktivt oppsøkjer kunst på galleri og utstillingar. Det er kunst som oppsøkjer oss, og det er viktig kunst, seier Ronny Skaar, seksjonssjef for kunst- og kulturutvikling i Vestland fylkeskommune.

Vestland fylkeskommune set av midlar til kunstnarlege føremål ved alle nye bygg og større ombyggingar.
– Det er flott at fylkeskommunen som byggherre har lagt vekt på kunst som ein integrert del av det viktige samferdselstiltaket som bybanen er. Vi har fått med oss ei flott gruppe dyktige og engasjerte kunstnarar, slår Skaar fast.
Innbyggjarane i Fyllingsdalen er med
Hilde Skjeggestad har vore kunstfagleg konsulent sidan prosjektet starta og var også med på byggetrinn 3 frå Lagunen til Flesland. Ho fortel at kunsten langs linja til Fyllingsdalen i hovudsak følgjer prinsippa frå kunstplanane til dei føregåande byggetrinna til bybanen.
– Ambisjonen har vore at kunsten skal gå i dialog med omgjevnadane både no og i ei tenkt framtid. Dagens innbyggjarar i Fyllingsdalen har bidrege i fleire av kunstverka, seier Skjeggestad.

Ho syner til kunstverket En ungdom i Fyllingsdalen. Der har kunstnarane Berit Aksnes og Vegar Moen teke utgangspunkt i bakteriar henta frå hendene til ungdomar på eit diskotek i Fyllingsdalen hausten 2019. Bakteriane er forstørra og trykte opp på papir. Kunstnarane fekk så ei gruppe eldre fyllingsdøler til å «tagge» trykka med kjende namn på gardar i Fyllingsdalen før i tida. Desse kunstverka er monterte i taket på eit bybanevognsett.

Den minste passasjeren
I tillegg til takplatene står Aksnes og Moen også bak to andre kunstverk som er del av bybanekunsten for traseen til Fyllingsdalen. Det mest synlege står ved Fyllingsdalen terminal og er også ein bakterie.
– Utgangspunktet for dette kunstverket er at dei fleste på bybanen er blindpassasjerar. Den minste passasjeren er ein bakterie, eitt av tusen milliardar levande individ om bord, fortel kunstkonsulenten.
Skulpturen i haldeplassområdet er ei bronsestøyping av ein forstørra bakterie henta frå bybanen 18. oktober 2019.

Aksnes og Moen har også levert kunstverket Den nye dalen til kunstprosjektet. Det er fotografiske portrett av barn og unge i Fyllingsdalen. Fotoa blir viste i Kunstgarasjen i Møllendalsveien 15 frå 18. november til 18. desember.

Prioritert område som står framfor endringar
Dei tre største kunstverka langs den nye bybanetraseen er Melkeveien på Haukeland, skulpturen Den minste passasjeren på Oasen og verket Lysbryter på Kristianborg.
– Kunstkomiteen har prioritert permanente prosjekt av høg kunstnarleg kvalitet. Og vi har særleg gjort i område som står framfor større sosiale og strukturelle endringar no når bybanen kjem til deira område, seier Skjeggestad.

På Kristianborg pregar kunstverket Lysbryter heile haldeplassområdet og er sett saman av ei rekke spektakulære «opphopingar» av kuber. Flatene er lakkerte i klare fargar, og alle skulpturane er bygde opp av kuber på 80 x 80 x 80 cm. Inntrykket av formene og fargane endrar seg når ein bevegar seg gjennom området. Området på Kristianborg er endå ikkje heilt ferdig, og lyssetjing av skulpturane kjem etter kvart.
Mykje kunst i taket i vognene
Dei innvendige taka i vognsetta er ein god arena for kunst. Kunstnarane Christian Messel og Aurora Lund Solberg har begge laga kunst til taka.
Messel sine arbeid har referansar til klassiske takmåleri, men i staden for å sjå opp i eit himmeltablå, ser vi her verda under bakken. Perspektivet er framleis sett frå undersida, så vi ser opp på blant anna sopp, røter og meitemark.

Solberg har laga vassmåleri til taka. Det er eit frodig fargelandskap som tilbyr eit frirom til dei reisande. Kanskje kan dei gløyme verda rundt for ei lita stund.
Haldeplassannonsering blir kunst
I tillegg til tak, skulpturar, terazzoheller, kuber, foto og anna, er også haldeplassannonsering del av kunstprosjektet. Komponist Craig Farr har nytta både kjenningsmelodiar, naturlydar og lydobjekt for å lage ti lydsnuttar.
– Det er kjende melodiar, men dei er likevel nytta på ein kamuflert måte. Tanken er at reisande kan oppdage melodien om dei leitar, men dei får han ikkje servert rett fram. Instrument og linjeløp skapar ofte assosiasjonar, som på Bystasjonen. Der blir eit sitat frå «Nystemten» spelt på bjøller som kan minne om tidlegare tiders buss og trikk. I bakgrunnen kan vi høyre ekko frå eit klaver i Grieghallen like ved, fortel Skjeggestad.
Høyr haldeplassannonseringa for Bystasjonen:
Opnar måndag 21. november
All kunsten er no ferdig montert og klar for opninga av bybanen til Fyllingsdalen. Fredag 18. november er det offisiell overtaking av bybanen med markering og talar både ved Kaigaten haldeplass og på Fyllingsdalen terminal ved Oasen. Linja opnar for vanleg trafikk måndag 21. november.
Søndag 20. november er det gratis prøvekøyring og familiedag. Det kan du lese meir om på nettsidene til Miljøløftet.