Ny modell skal auke utdanninga av kokkar

– Eg har aldri jobba som kokk, men likar å lage mat, seier Diana. Ho har nett starta på den nye utdanninga, kalla Sandslimodellen, eit offentleg samarbeid som skal auke utdanninga av faglærte kokkar.

Kokkar i kokkekle i arbeid. Foto.
SANDSLIMODELLEN: – Dei er veldig ivrige og har ikkje fråvær, seier kokkelærar Bjørn Tore Sandboe ved Sandsli videregående skole. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Sandslimodellen er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og NAV om utdanning innan restaurant- og matfag. Tilbodet går til vaksne innvandrarar som ønskjer seg ut i jobb. Diana er frå Turkmenistan. Ho kom hit for 11 år sidan og er godt etablert i Bergen med mann og to barn.

Mennesker i kokkekle sit ved langbord å et middag. Foto.
– Eg trivst med å lage mat, seier Diana (framme t.h.) som er ein av 14 deltakarar på det nye tilbodet om å bli faglært kokk. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Trivst med å lage mat som gler andre

– Som arbeidssøkjar fekk eg melding frå NAV om dette nye tilbodet. Barna mine er no blitt så store og sjølvstendige at eg kjenner meg klar til å gå ut i jobb. Eg trivst med å lage mat og spesielt mat som gler andre, seier Diane.

Dei første 14 vaksne har i haust starta på utdanninga etter Sandslimodellen. Først har dei eit introduksjonskurs på 12 veker på Sandsli videregående skole. Alle 14 har også skrive kontrakt om praksis i bedrift. Dette er hotell, restaurantar og ein institusjon. I haust skal dei vere tre dagar i veka på skulen og to dagar i veka i bedrifta.

– Eg likar med her på skulen og ser fram til å kome i praksis på hotellet. Planen er å ta fagbrev om to og eit halvt år, seier Diane. Ho skal ha praksis på Comfort Hotel Bergen Airport.

Smilande damer i samtale. Foto.
– Eg skal ta fagbrev, seier Mindan (t.v.) som har inngått kontrakt om praksis hos Gunn Kvamsdal på Thon Hotel Bergen Airport. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Mat er som kunst for meg

På Thon Hotel Bergen Airport skal Mindan frå Kina ha praksis. Ho er godt etablert i Bergen og ønskjer å ta utdanning i faget ho likar.

– Eg har budd her i fem år og har jobba på restaurant. No er planen å ta fagbrev. Eg likar å lage mat. Det er veldig spennande. Mat er som kunst for meg. Aller best likar eg å lage dessertar, men i faget skal eg lære å lage alle matrettar, seier Mindan.

Stor etterspurnad etter kokkar

Etterspurnaden etter faglærte kokkar er stor. Gunn Kvamsdal i Thon Hotel Bergen Airport er glad dei er med på dette samarbeidet.

– Vi har behov for fleire faglærte. Heile bransjen har stor etterspurnad. Vi er veldig sårbare, og vil ha fleire inn i yrket. Denne modellen er veldig positiv, seier Kvamsdal som har skrive kontrakt med Mindan frå Kina.

–  Vi har veldig godt inntrykk etter det første møtet vi har hatt og ser fram til ho skal byrje hos oss, seier Gunn Kvamsdal.

Oppstilt bilete av smilande damer. Foto.
Sandslimodellen er blitt til gjennom eit godt offentleg samarbeid: Beate Trovik, NAV (f.v.), assisterande rektor Silvia Rovira Ribo, Sandsli vgs, avdelingsleiar Anne Helene Øpstebø, Sandsli vgs, Bhanumathi Natarajan, NAV og Eva Stene Kolstad, Rettleiingstenesta vidaregåande opplæring for vaksne. Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune

Motiverte deltakarar

Anne Helene Øpstebø er avdelingsleiar ved Sandsli videregående skole og ansvarleg for utdanninga innan restaurant- og matfag.

– Vi har fått veldig motiverte deltakarar. I haust skal dei gå på eit introduksjonskurs. Frå nyttår startar dei som eigen klasse på vg1 og vg2. Heile tida skal dei dels vere her på skulen og dels ute i bedrift. Til slutt skal dei ta fagbrev, seier Øpstebø.

Bjørn Tore Sandboe er lærar i kokkefaget på Sandsli videregående skole.

– Dei er veldig ivrige og interesserte, og har ikkje fråvær. Vi må planlegge godt, for dei er gode på det fagmessige og veldig godt førebudde. Men det er noko anna å lære faget enn å lage mat heime. Vi skal lære dei alle teknikkar og det faglege, seier Sandboe.

Har jobba for dette i mange år

NAV har i fleire år jobba for å få til slik utdanning i kokkefaget. Beate Trovik er avdelingsleiar i NAV.

– Eg har vore engasjert i dette i mange år. Dette er eit offentleg-offentleg samarbeid mellom fylkeskommunen og NAV. Vi hjelper dei ut i jobb, og fylkeskommunen gir dei utdanning, seier Trovåg.

Sandslimodellen er basert på to andre modellar som fylkeskommunen og NAV alt samarbeider om. Først ut var Gloppenmodellen der vaksne innvandrarar får fagopplæring i helsefaget. Deretter kom Bergensmodellen som tilbod for dei som skal bli barne- og ungdomsarbeidarar.

Kontakt med 40 bedrifter

NAV har jobben med å skaffe deltakarane praksis i bedrift.

– Vi hadde kontakt med nesten 40 bedrifter i kokkefaget, som har fått informasjon om Sandslimodellen. No sit vi att med 10 bedrifter. Nokre tar to og nokre tar ein, seier Bhanumathi Natarajan, koordinator i NAV.